|
Dørvert kurs på Evjemoen
Frå gamalt av var dei
utkastarar. Dei sterkaste mannfolka i bygda som tok seg av
bråkmakarar når det var fest på lokalet. Ei kvar grend med
respekt for seg sjølv hadde dans på lokalet. Kven hugsar ikkje
Teddy Nelson. Nå diverre avliden, men den gong kongen av
bygdefester. Den gong var det storleik og musklar som talde når
vaktar skulle hyrast inn. Dette er no ei svunnen tid.
Diplomatiet gjeld, og på dans. Dørvert kallar dei seg no.
Vaktene som skal take hand om brysame Venndølar når det vert
arrangert dans i dei indre bygder. Slik vil linsmann Stifoss ha
det, og då vert det slik! Medan det tidlegare var nok å
dokumentera muskelmasse så vert det no snart krav om godkjent "dørvert"
kurs for dei som skal se til at alt går greitt føre seg på
lokalet.
Sist helg vart det
arrangert eit slik kurs på Evjemoen. Det fyrste i sitt slag i
dalstroka innanfor, men snart kjem det fleire. Instruktør Robert
Berget frå selskapet Triarii, kunne stadfeste at det no var stor
etterspurnad etter kursing i heile landsdelen. Kurset på
Evjemoen samla 10 deltakarar frå Evje og Hornnes, Bygland og
Åseral. Ein staut gjeng som satsar på diplomati framføre rå
muskelkraft.
Dei 10 deltakarane frå dalstroka innanfor som fekk opplæring
som dørvert.

Sjølv om ein tek sikte på diplomati så skal du vete at desse
folka og kan leggja sølv ein kranglevoren Venndøl i bakken om
det er naudsynt. Dei fekk og opplæring i korleis dei med enkle
grep skal take hand om slikt. |