|
Erling Haugaa
Fotografen som
vart grossist på kattemat

Erling Haugaa var
i si tid ung og lovande. I dag er han i det minste ein lovande
forretningsmann. I nærare 40 år dreiv han som fotograf med
tilhøyrande spesialforretning i Evje sentrum. Tusenvis av
soldatar på Evjemoen høyrde til den faste kundekrinsen. Brått
forsvann soldatane. Brått kom dei digitale
fotograferingsapparata. Erling måtte endre kurs. No sel han
bortimot 2 pallar med kattemat og hundefor i månaden. Fotografen
lever framleis men han er mindre etterspurd enn tidlegare.

Det er heilt uråd
å nemne alt kva du finn i hyllene hjå Erling. Me kan nemne sko,
kjøkkenutstyr, motorolje, snøfresarar, plenklypparar,
kunstnarartiklar, utstyr til hund, hest og katt, verktøy,
arbeidstøy, kondomar, pipesett, båt, årer og sjokolade. Du lyt
oppleve dette sjølve. Eit vareutval du ikkje finn makan til
nokon stad i røystekrinsen.

Erling kan
framleis sitt gamle fag. Passfoto er framleis ei etterspurd
vare.

Sjølv om mange no
lagrar eigne bilete på datamaskinen, eller på eigne CD plater,
så er det framleis ein del som ynskjer bilete på ein god
papirkvalitet.
Dette ordner
Erling Haugaa på beste måte. Her er fagmannen på heimebane. Han
talar gjerne i timevis om kvalitet på bilete, fotopapir og om
korleis millionar av bilete kvart år forsvinn fordi folk ikkje
heilt veit korleis ein skal take vare på slikt materiale.

Framleis full
drift i rammeverkstaden i kjellaren på forretninga. Stolt syner
Erling fram ei ramme som er produsert med hjelp av trevirke frå
eigen skog. Dette har vorte umåteleg populært. Etterspurnaden er
større enn kva Erling makter å produsere. Fotografen som
framleis er stolt av sitt fag, men som heller ser eit framtidig
levebrød i proteinrik kattemat og motorolje til halv pris.
 |