Nyttige lenker
  ARKIV moisund.com
  NETTHANDEL
  Moi frå lufta
  Ruteopplysninger
  Skråblikk på kvardagen
  Risdal Touring
  Setesdal Scene
  Revygruppa MORUS
  Andre lenker




 

Luftfartshøyskolen Sør AS

På signingsferd til Oslo.


Foto: moisund.com

Det er i desse fasjonable lokala på Evjemoen det meste av norsk trafikkflygarutdanning skal foregå dei neste åra. « Luftfartshøyskolen Sør» er drivkraften bak dette eventyrlege og luftige prosjektet. Evje & Hornnes kommune eig 50% av Luftfartshøyskolen gjennom sitt eige selskap Evje Utvikling as. Tidlegare i haust fekk Heradstyret ei grundig orientering om framdrifta i dette prosjektet. Då låg det i korta at ein forventa dei fyrste flygarstudentane til Evjemoen i løpet av hausten 2009. Fleire studentar frå USA skal og ha meld si interesse for skulesenteret på Evjemoen.

 

I samtale med moisund.com, laurdag 7. februar, stadfester ordførar Bjørn Alfred Ropstad at han denne veka he vore på signingsferd til regjeringskvartalet i Oslo. Med på reisa var Laila Øygarden, ordførar i Froland Sigmund Pedersen og dagleg leiar for flygarskulen Sigurd Auestad.

I hovudstaden møtte dei statssekretær i Samferdsledept. – Geir Pollestad.

Ordføraren held korta tett til lekamen. Dette er spel på høgt nivå.

Ropstad kan likevel stadfeste at det ikkje vert skulestart i august 2009. Dette er resultatet sjølv om bygningsmassa alt stend klar. Ting tek tid.

Ein viktig bolk er ennå ikkje avklåra. Kven kjem med pengesekken ?

Vil Stortinget satse på denne form for utdanning på Evjemoen ?

Så langt i prosessen he Stortinget peika på Tromsø som den mest aktuelle lokaliseringa. No må det arbeidast systematisk for å få Nasjonalforsamlinga til å konsentrere alle trafikkflygarutdanning, og flygeleiarutdanning, til det ærverdige undervisningsbygget på Evjemoen. Ordførar Ropstad – og fylkesvaraordførar Laila Øygarden he planane klåre. No skal saka handsamast i Kunnskapsdepartementet. Der ligg truleg løysinga. Der ligg truleg framtida for Evje og Hornnes kommune. Bjørn og Laila. Saman er dei dynamitt.

 

Tidlegare plasskommandant på Evjemoen, Knut Karlsen, he tidlegare vore uroa med tanke på mykje støy og bråk i samabnd med flygarskulen. No kan den høgt dekorerte offiseren slappe av. Det vert ikkje unormalt mykje bråk i luftromet øve Verksmoen denne sumaren. Skulestart er utsett til hausten 2010. Førebels.

 

 

Foto: moisund.com

Biletet syner nordre fløy v/ Luftfartshøyskolen Sør as.

 

 
Snarveg til FLICKR Snarveg til moisund.com - TV Snarveg til ARKIV
Moisund.com - Øve alt - til ei kvar tid!
Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl