|
Heradstyret den 6.
februar
Kari gjorde
jobben..

Fleire sukka tungt
då det vart klårt at det vart gruppearbeid i Heradstyret. Så kom
Kari Røynlid som eit friskt pust. Plan og miljøleiar.
Ekte Åserals –dialekt,
utan ein einaste stavefeil.
Ho ville ha dei
folkevalde til å diskutere framtida for kommunen. Visjonar,
tankar og eit fengjande slagord. Sjølve berebjelken i det vidare
politiske arbeidet. Dei jobba som heltar. Dreng Homme, Egil
Kjebekk og Sigmund Monen medrekna. Det er ufatteleg korleis ein
porsjon sjarm, glimt i augo og fagleg dugleik kan få det til å
rykkje i lekamen til ein aldrande telemontør og ein pensjonert
skulemeister. Dei ulike gruppene kom fram til forslag som: «
Vekst på trygg grunn» - « Ein god stad å bu» - « Framtidsbygda i
Indre Agder» og « Ein god kvardag – ei trygg framtid.» Det må
nye politiske møter til før Aud Helene og dei andre 20
representantane vert samde om ein felles visjon for kommunen.

Hønsebonde og
adjunkt m/ opprykk, Egil Kjebekk, hadde stundom problem med å
halde seg vaken. Dette er ikkje noke nytt. Partikollega Wenche
Rundsag Høgetveit var stadig frampå med ein skvett med
styrkedrikk. Innhaldet i denne er sjølvsagt ukjend.

Då den politiske
ordkløyvinga var på det heitaste, og det kom til syne djup
usemje blant Arbeiderpartiet sine representantar, då tok
ordføraren fram Setesdølen. Truleg meir matnyttig. Ikkje heilt
etter protokollen.

Vår lokale
AP-dronning, Line Vennesland driv politikk på ungdomens vis.
Tekstmeldinger til
den sentrale partileiinga og førebuing til eit spanande
Stortingsval. I fylgje offisielle meiningsmålinger så er Line på
full fart mot Løvebakken og ei ny tilvære i hovudstaden. Ei
flink og uredd jente. Det skal ho ha.

Bodil Bransdal er
eldste dotter etter, oppsynsmann i Vegvesenet, Birger Bransdal.
Dette var fyrste gong ho møtte i Heradstyret. Ei flott jente.
Smilande, blid, fin i tøyet og svært god framferd.

Dreng Homme på
framsida – og på baksida. Han var på talarstolen 11 gonger og
gjorde eit svært godt inntrykk på dei frammøtte.

Kommunen he
motteke kring 2,5 millionar i nye tiltaksmiddel frå regjeringa.
Det var mange ulike meininger om korleis desse kronene skal
handsamast og fordelast til trengjande sambygdinger.
Tverrpoltisk Bygdeliste kom splitta ut av denne ordkløyvinga.
Skogbruksjefen i Åseral tok dette svært tungt. Biletet talar for
seg sjølve. Det vert truleg ikkje ei lystig helg i Dåsvannsdalen.

Hjå
kristelegdemokratane var det god stemning under heile møtet.
Wenche he synt seg
å vere eit svært så vetugt kvinnfolk. Politisk teft og
brubyggjar mellom dei ulike politiske fraksjonane. Sigmund Monen
he Kongens fortenestemedalje i både gull og sylv. Lang politisk
røynsle og ein fagmann som vekkjer åtgaum langt ut øve
fylkesgrensene.
Møtet tok slutt
klokka 15:10. Det vart samrøystes vedteke å ynskje kvarandre ei
god helg. Odd Helge Liestøl skal representere kommunen i
arbeidet med ein ny kunstgrasbane for ballspel. Det vert ikkje
noke felles barnevernsteneste i Setesdal og det vert framleis
eigedomsskatt for lokale produksjonsverksemder. Når det gjeld
den komande trafikkflygar-
utdanninga på
Evjemoen seier ordføraren: « Det er ein lang veg å gå.»
Neste helg er det
revy. Då vert det kan hende meir om« Evjemoen International
Pilot College University.» God helg!
|