Nyttige lenker
  ARKIV moisund.com
  NETTHANDEL
  Moi frå lufta
  Ruteopplysninger
  Skråblikk på kvardagen
  Risdal Touring
  Setesdal Scene
  Revygruppa MORUS
  Andre lenker




 

Finale sale – 60% off

«I love Norwegian country….»»»»»

På nasjonaldagen gjeng me i flokk og veiftar med det norske flagget. Me syng av hjartans røyst og ber vår Gud om å signe Fedrelandet. Me samlast kring bautasteinen og minnast sambygdinger som slåss for fred, fridom og folkestyre. Halvparten av oss er livredde for EU og minst like mange trivast ikkje med å ha ein « pakkis» i grannelaget eller ein neger i same etasjen i bustadblokka. Ikkje kall oss rasistar, me er berre så umåteleg glade i det ekte norske. I Framstegspartiet, i fjordar og fjell, i lusekofte, brunost og hytte med utedass. Synnøve Solbakken, stabbur frå Vinje og kortreist mat frå fjoset. Det er berre ein ting me skjemmast for- det norske språket. Norsk talemål og norsk skrivemåte er ikkje lenger brukande, sjølv om me faktisk he to offisielle språk å vele mellom. Utgjenge på dato. Bileta her er eit døme på nettopp dette. Så lyt kvar einskild gjere seg opp ei meining om det er ei ynskja utvikling, ei naydsynt utvikling eller rett og slett berre noke nauteskap. Snobberi, vas og fjas……


foto: moisund.com

I Gjerstad kommune, i tjukkaste Aust Agder, he dei no ope « 24 hours a day.».


foto: moisund.com

I indre Telemark annonserar dei på denne måten når dei he helsetrøye, skjorte og slips på tilbod. Dette bør vere lett skjøneleg for folk i alle aldre.

 
foto: moisund.com

Jau, jau – Kristiansand er då ein internasjonal by. Då er det sjølvsagt at ein må kunngjere bodskapen på eit skjøneleg språk. Karsleg er det i alle fall. Det vert på ein måte litt meir stil øve slike salgsplakatar. I Sørlandsparken.


foto: moisund.com

Me er framleis i tjukkaste Telemark. Kulturfylket Telemarket. Denne forretninga he skifta namn frå det uskjønelege og heilnorske « Interiørland » til det meir lettleste og urnorske « Home & Cottage.»


foto: moisund.com

Å få handla seg ei vaffel med jordbersylt og ein kopp kaffe på ei vegkro er nærast håplaust i dag. Kafeteria er avlegs. Utgjenge på dato. No er det « On the Run Cafe’ » som er i skotet. Eit godt namn på ein særnorsk tradisjon. Tilbod på coke, fried potatoes and nuggets. Dressing and salad, included.


foto:moisund.com

Fengjande butikknamn og gode tilbod er daglegdags hjå handelsnæringa i Agder, Telemark og dalstroka innanfor. Imponerande og kreativt.


foto: Tom Øverland.

Stavanger er truleg den mest internasjonale byen i heile landet. Oljehovudstaden.

Europeisk Kulturhovudstad 2008. Her fann me døme på gode norske skilt. På Randaberg. Få hundre meter frå ein gigantisk oljerigg. Fleire hundre kilometer frå brunbeisa stabbur og norsk kultur i Morgedal. Kulturfylket Telemark og « finale sale – 60% off » på new jeans, T-shirts and cowboy boots. All taxes  included.

Hjå Intersport på Evje kan du framleis handle deg « Nike Fit Dance Baggy Woven Pants» til ein rimeleg penge. Skund deg. Snart er det vel Finale Sale

der og.

Til slutt vil me berre nemne at dersom du er kvinne, ung, lovande og i tillegg he eit grann tru på framtida – ja då he NHO i Aust Agder eit knakande godt kurstilbod til deg. Truleg eit resultat av lågkonjunktur,finanskrise og ny likestillingslov. Kurset he dei kalla « Femail Future Agder.» 

Kor tek dei det frå……………..????

 
Snarveg til FLICKR Snarveg til moisund.com - TV Snarveg til ARKIV
Moisund.com - Øve alt - til ei kvar tid!
Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl