|
Kulturskule i
Iveland
Flotte jenter med
pensel og staffeli.

Anne Synnøve
Grosås med vesle Oline på fanget.
Kvar torsdag,
sidan tidleg i haust, he jentene møtt trufast opp i lokala til
Iveland Malerklubb. Her vert det skipa til målarkurs i regi av
kulturetaten i Iveland.
Lærarkreftene er
av aller beste slag. Anne Synnøve Grosås og Anne Betzy Engestøl
er båe to røynde og vidgjetne kunstmålarar. Av ein eller annan
grunn så er det berre jenter på denne bolken av kulturskulen.
Gutane er sjølvsagt velkomne, men så langt he dei synt liten
interesse. I løpet av juni månad skal elevane stille ut måleria
sine. Åstaden for denne høtidsstunda vert eit uthus på Leesland.
Ei fin ramme kring verdfulle kunstverk. Denne dagen bør det
verte folksamt på Leesland. Moisund.com he alt tinga plass kring
kaffebordet. Ordføraren bør snart byrje å skrive på talen, og
hornmusikken bør pusse støv av klarinetten. Mer er tross alt i
kulturbygda Iveland.

Utruleg mykje fint
å sjå i målarstova. Her er det Åse Leesland som styrer penselen.
Varme fine fargar. Truleg vert dette måleriet hengjande på ein
eller annan stovevegg i Iveland i løpet av hausten. Eller vert
det kan hende i ei stove på Moisund eller på Sveindal.

Silje Honnemyr er
eit av fleire lovande talent me møtte på kulturskulen. Ei
smilande og blid jente som tydeleg gav uttrykk for at dette var
moro.

Marthe Åsen i djup
konsentrasjon. Her er kvart eit penselstrøk vel gjennomtenkt.

Med eit vakent og
kritisk blikk vandrer Anne Betzy Engestøl frå elev til elev.
Ho gjev gode råd,
og elevane tek gjerne mot lærdom. Anne Betzy er for mange eit
forbilde for den oppveksande slekt. Bileta hennar er populære
langt ut øve røystekrinsen. Snart fær ho konkurranse frå Rita,
Marthe, Åse, Kaja, Mari, Monica, Kristina og Silje på
kulturskulen. I slutten av juni fell sensuren. På ein låve på
Leesland.
Sjå fleire bilete frå kulturskulen. Klikk på bileta – og dei vil
endre storleik.
|