|
Landsskytterstevnet
Eit himla
puslespel…

F.v. Terje Moi,
Leif Fjerdingstad, Janne Kornbrekke og Anders Metveit
Hovudkomiteen for
Landsskyttarstevnet tok sete på Evjemoen tysdag 17.februar. Ein
gjeng med mykje røynsle frå skytebanen og mykje kruttslam i
mellomøyret. Namn som Terje Bystøl, Anders Metveit og Paul
Mjaaland vekkjer framleis åtgaum på kvar einaste standplass i
heile Noreg.
Laurdag 1.august
brakar det laus. Forventningsfulle skyttarar, og deira næraste
pårørande, vil strøyme til bygda vår i endelause kolonner.
Kanskje kjem det så mykje som 15 000 gjester til Evje &Hornnes
denne hektiske veka. Bygda vil – og bør syne seg frå si absolutt
beste side.
For ein bladfyk,
utan kjennskap til korkje baneskyting, stangskyting eller
felthurtigskyting, så tykkjest mykje vere uskjøneleg. Til tider
kaotisk.
Leif Fjerdingstad
er leiar av hovudkomiteen. Han er roleg, konstruktiv og sakleg.
Stundom eit smil og ein kjapp replikk. Eit godt teikn. Mykje
ansvar kviler på desse unge skuldrene.
Egil Juvastøl he
fenge tildelt rolla som «arenasjef». Mykje tykkjest alt vere
under kontroll. Rundt rekna 2,5 mål med telt,eit par tusen
teltstenger, 50 toalett og 500 stolar til matkroken er kva den
karen må bale med. Osvald Uleberg tykkjest å ha ein finger med i
det meste. Denne kvelden var han mest oppteken av pokalar og
medaljer. Berre det beste er godt nok til skyttarstemnet på
Evjemoen. Kvalitet i kvart eit ledd. Osvald syter for det. Det
blenkja i augo til Anders Metveit. Er det noke den karen he
peiling på så er det nettopp pokalar og medaljer. Anders vart
tagal. Innhabil, på eit vis.

Hugo Thoresen var
utsending frå Heimevernet. Han hadde notert på ein skrukkete
papirlapp at dei væpna styrkene stiller med 222 mann til
tevlinga. Thoresen hadde full kontroll. Det skal han ha. Dette
er sjølvsagt eit viktig og kjærkoment bidrag til den totale,
naudsynte mannskapsstyrka.
Til slutt kan ei
nemne at det framleis er stor etterspurnad etter hytter, hus, og
campingvogner. Meir informasjon om dette finn du på
www.LS2009.no
Telenor må utvide
kapasiteten på mobilnettet, NRK he tinga «EU strøym» til sitt
utstyr, det vert fellesturar til Dyreparken og Eikerapen
Rootsfestival.
Go-Kartbanen på
Moi vil få rekordomsetnad og det vert stappfullt i Setesdal
Mineralpark. Oddvar Hestvåg vert sjef for trafikkavviklinga,
Evje Radio vert offisiell skyttarradio og det må setjast ut
ekstra toalett i feltløypa. Den eine standplassen må forlengast
med to meter og ein må finne ut korleis helsetenesta skal
organiserast. Før eller seinare skal det heidrast ein
skyttarkonge og det skal kårast ein vinnar i samlagsskyting.
Neste møte i
hovudkomiteen vert den 17.mars.

|