Nyttige lenker
  ARKIV moisund.com
  NETTHANDEL
  Moi frå lufta
  Ruteopplysninger
  Skråblikk på kvardagen
  Risdal Touring
  Setesdal Scene
  Revygruppa MORUS
  Andre lenker




 

Lindesnesregionen på spleisetur


På biblioteket i Hjørring fann me ein guide som tala rein Grimstaddialekt... godt å skjøne det som vart sagt!

Medan mange kommunar i fleire år har hatt eigne regionsråd så er det fyrst den siste tida at Lindesnesregionen har fått på plass eit slik. Med Per Storetvedt (blant vener Store Per) i leiarstolen, var dei fleste til stades då Turistkontoret for Lindesnesregionen invitera på tur til Hjørring i Danmark. Hovudmålet med turen var å sjå korleis reiseliv, næringsverksemd og kommunar var organisert på andre sida av Skagerak. Dei var med alle. Borgarmeistarar med vara, næringstoppar og ikkje minst reiselivstoppar i regionen, ja endog teppe-Larsen var med. Tre dagar i Danmark med fullt program. Her skal eg love at revisjonen ikkje kan sette fingeren på noko. Vitjing hjå VisitNordJylland, varaborgarmeistaren i Hjørring, leiarar av næringshage, leiarar innan handelsnæringa, varehusleirar, bibliotekstyrar og generalen for Danacup. Eit spanande program med stor variasjon.
Ja det var så interessant for deltakarane at ein alt no har byrja å tale om kommunesamanslåing!

Varaborgarmeistar Arna Berg og rådmann Rune Stokke frå Åseral kommune fekk mange nye idear på turen. Dei stilte mange spørsmål då dei var på omvisning i Nord Danmark sitt største kjøpesenter i Hjørring. I samband med at kommunen i desse dagar arbeidar med ein ny sentrumsplan var dei begge samstemte på at ein måtte sjå på noko liknande i Kyrkjebygda. Eit varehus med fitnessenter tett attmed Lorden Kro vart sådd som ein ny ide ein fredags føremiddag i Hjørring. 

 


Kor ein enn kom så var det sjølvsagt bygdebladet for dalstroka innanfor som var startside.....


Kjøpmannkongen på Sørlandet, Roy Michalsen fekk nye idear, medan borgarmeistaren i Mandal, Alf Gottfred Møll, var spend på kva som skulte seg bak hijaben i kjøpesenteret....


Varaborgarmeistar i Åseral, Arna Berg, Nytta høvet til å prøve sklia på kjøpesenteret...


Litteratur på høgt plan vart og studert....


Delar av gågata i Hjørring på 630 meter....


Toppar innan Lindesnesregionen må og ha mat.....

Snarveg til FLICKR Snarveg til moisund.com - TV Snarveg til ARKIV
Moisund.com - Øve alt - til ei kvar tid!
Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl