|
På attande
året i kulturens teneste!

Revygruppa
MORUS (Moi og Omegn Revygruppe for Uutforska Sjeler) vart stifta
i 1992. Moi er grenda heilt sør i Evje og Hornnes kommune kor
skule, butikk og posthus er lagt ned, men kor humøret framleis
er på topp. Med sine rundt 160 røysteføre innbyggarar har grenda
kvart år sidan den gong sett opp ein revy. Fram til no har rundt
16 000 menneskje vitja dei 17 revyane dei har hatt. Dette betyr
rundt 100 billettar for kvar røysteføre sjel i Moigrenda. I den
same perioden har revygruppa stått på scena i rundt eitt og eit
halvt døger til saman. Dei har framført ein stad omkring 300
ulike innslag kor 95 % har vore sjølvskrivne.
No er dei
klar igjen, for 18.gong. Dei rundt 1000 billettane til revyen
”Bomber og granater” er i ferd med å bli seld ut etter ei snau
vekes sal. Tekstane byrjar å sitje og scena på Evjemoen er
ferdig rigga. Torsdag den 12. Februar kl 19.00 brakar det laus
med premiere og dei to påfølgande dagane vert det nye
framsyningar.
Det er
stort sett dei same folka som er med i revygruppa no som i 1992.
Difor må det må kunne seiast at det er ein røynd gjeng med
amatørar som entrar scena på Evjemoen til torsdag. Ein gjeng som
synast den største gleda ein kan ha er å gjera andre glad!
For meir informasjon, sjå på
www.morus.info
|