|
Risdal Touring –
10 års jubileum
Ei verksemd i
medvind.

Olav L. Risdal (t.v. ) og Tom Roger Øydne. ( foto: moisund.com
)
Med Europakartet
som bakgrunn tek me bilete av dei to «Vangsgutane» Olav Risdal
og Tom Roger Øydne. Dei he bortimot heile denne verdsdelen som
sin arbeidplass. Få, eller kanskje ingen i dette landet, he meir
røynsle som turbilsjåfør enn nettopp ungguten Olav Risdal. Saman
eig desse gutane verksemda Risdal Touring. Ei verksemd i vekst.
Ei verksemd i medvind. Dette året kjem dei til å sende meir enn
5000 kundar ut på spanande turar i inn- og utland. 70 % av
reisene går til kjende og ukjende reisemål under fjerne
himmelstrok. Tallinn, Bratislava, Balkan, Bornholm, Praha eller
Wien. Risdal Touring he kring 25 personar på lønningslista og
forventa omsetnad inneverande år er rundt reikna 22 millionar
kroner. Stadig nye kundar tek kontakt. Eit solid handtverk, både
i administrasjonen og bak rattet, gjennom mange år, gjer at
Risdal Touring he eit svært godt omdøme langt ut øve vår eigen
region. Dette er fagarbeid, og Tom Roger er vel ikkje langt unna
sanninga når han seier at « kundane er sjølve limet i heile
verksemda-utan nøgde kundar vert det lite attende av Risdal
Touring.»

Foto: Astrid
Undeland
Både Olav og Tom
Roger set sjølvsagt umåteleg pris på kundane sine. Det synte dei,
utan atterhald, då dei laurdag inviterte både kundar og
samarbeidspartnarar til «reisetreff» på Evjemoen. Meir enn 300
personar møtte fram til ein minneverdig dag. Risdal Touring
syner at dei kan dette med å vere vertskap. Ikkje berre ombord i
ein turistbuss. Heile gjengen fekk ei rundreise i bygda vår. Ei
rundreise dei seint vil gløyme. Denne helga fekk såleis Evje &
Hornnes kommune fleire hundre nye ambasadørar. Eit stopp på den
vidgjetne « Hannåsvollen Gård» vekkja åtgaum hjå den reisevande
møtelyden. Det same gjorde ein tur til Fennefoss og eit kort
opphald ved handlesenteret i Dåsnes. På « Major-stuen», matstova
inne på Evjemoen, fekk dei servert gourmetmat av beste slag.
Matøkta vart sjølvsagt eit høgdepunkt. God mat, godt drikke og
den gode samtalen. Gjennsyn med gamle turkameratar og avtale om
nye reisemål. Kan hende sjåast dei att på Nordkapp, i Sarajevo,
ved Balatonsjøen eller i slaktarbutikken i Hirtshals. Verda er
liten når du er kunde hjå Risdal Touring.Det vart og ei minnerik
oppleving då Knut Kjetil Møen og Inger Lise Stulien Robstad
klemde til med ein fantastisk konsert i ein fullsett kinosal.
Mange bør – og skal takkast etter ei slik høgtidsstund. Me kan
ikkje nemne alle her i denne bolken. Me kjem attende. Kva hadde
vel Risdal Touring vore utan sjåførar i eliteklassen og utan ein
håndplukka, strålande gjeng i administrasjonen. Svaret gjev seg
sjølve. Me kjem attende til desse flotte medarbeidarane. Dei
fortener eit eige oppslag. I fargar. Til slutt vil me sjølvsagt
gratulere Risdal Touring med åremålsdsagen. |