Nyttige lenker
  ARKIV moisund.com
  NETTHANDEL
  Moi frå lufta
  Ruteopplysninger
  Skråblikk på kvardagen
  Risdal Touring
  Setesdal Scene
  Revygruppa MORUS
  Andre lenker




 

Folkemøte om vegsalting

«Salt høver seg best på maten»

Foto: Lasse Liestøl

Folkemøtet på Furuly, om vegsalting, samla uvanleg mykje folk på måndagskvelden. Kring 70 engasjerte tilhøyrarar var møtt fram på foreningshuset. Stemninga minna mykje om eit godt gamalt vekkjelsesmøte.

Sigmund Skomedal som ein dyktig, og vel førebudd møteleiar, sytte for god stemning i salen. Det var på førehand annonsert med meiningsutveksling og frie vitnesbyrd. Slik vart det.

Obert Bjærum las dei sakkundige teksta på ein måte dei seint vil gløyme.

« Salt passer best på maten – ikkje på vegen.»  Klår tale frå ein kar som he arbeid innanfor faget i årevis. Hundrevis av bilar he Bjærum slusa gjennom verkstad – og EU kontrollar. Han he med eigne augo sett kva skade vegsaltet gjer på bilparken.

 

Alf Andersen frå Byglandsfjord ( no omdøypt til Salt Lake City ) hadde med seg ei bremseskjeve frå ein Toyota som hadde rulla 91 000 km på m.a. sterkt salta vegar i Setesdal. Skadane var tydelege og Andersen la dette fram som eit synleg prov på styggedomen.

Jan O Pedersen er sjåfør hjå Setesdal Bilruter og køyrer dagleg på RV 9 mellom Kristiansand og Hovden. Han var svært nøgd med stoda slik den er i dag. Pedersen nytta høvet til å takke entrepenørselskapet Risa for framifrå vedlikehaldsarbeid på stamvegen, og meinte samstundes at snøfrie vegar og trafikktryggleik er så mykje viktigare enn skjemmande rust og slitasje på bilparken.

Det vart mange sterke inntrykk og mange ord til ettertanke for dei sakkundige i panelet. F.v. Tordis Vandeskog, Åge Sivertsen og Jens Gunnar Andersen.

Mari Katerås, sjølvaste parlamentet i Dåsvannsdalen. Samfunnsengasjert som få.

Ho falda hendene, lukka båe augo og kan hende ho bad ei stille bøn om at saltbilen aldri må kome opp Dåsvannsdalen. …

Når gamleordføraren, Asbjørn Kjetså, tek ordet vert det tagalt i ei kvar forsamling. Folk høyrer på Asbjørn. Ein røynd mann med kunnskap om svært mykje. Ikkje berre skog, kubikkmeter og Senterpartiet. Ein heidersmann du truleg ikkje finn maken til nokon stad.

 

Her er nokre av kommentara som kom under møtet:
”Ei sørpe så jævlig”
”Pensjonistene har nå i det minste tid til å vaske bilen”
”Lastebilsjåførene er vel bare glade til, nå slipper de styret med kjettinger og de kan gå på jobb iført tresko og t-skjorte”
”Det vesenet, vegvesenet”
"Viktigere å redde menneskeliv enn å spare bilen for litt slitasje og rust"
"Byglandsfjord blir for tiden bare kalt for Salt Lake City"

 

Representanten frå Natur og ungdom var sjølvsagt imot salting, og sidan det skader miljøet ville ho innføre påbod om bruk av 4x4 på vintervegane.

 

 

Snarveg til FLICKR Snarveg til moisund.com - TV Snarveg til ARKIV
Moisund.com - Øve alt - til ei kvar tid!
Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl