|
Levande bygder –
sterke lokalsamfunn.
EU kan snu
fråflyttinga frå bygdene.

F.v. Arild Tveide – dagleg leiar i Evje Utvikling Knut K. Møen
og Halvor Rismyhr
Foto: moisund.com
Næringssjef i
Vennesla Halvor Rismyhr og Arild Tveide frå Birkenes vitja
heradstyret på Evjemoen sist fredag. Eit foredrag så gjennomført
og engasjerande at kvar og ein av representantane sat som tende
ljos. Dette var gutar som hadde gjort heimeleksa si. Det skal
dei i alle fall ha.
« Smia» er eit
interkommunalt prosjekt med levande bygder og sterke
lokalsamfunn som ein viktig undertittel. I dag er kommunane
Birkenes, Songdalen og Vennesla deltakande kommunar. Etter eit
forrykande vitnesbyrd frå dei to nemnde karane er no Evje &
Hornnes kommune ein ny samarbeidspartner i dette prosjektet.
Ingen våga å tale dei i mot sjølv om det nok er ein viss skepsis
til både forprosjekt og prosjekt hjå ein del av dei folkevalde.
Det har nok lett for å gå inflasjon i slike arbeidmetodar. (?)
Når
det gjeld moglege prosjekt som «Smia» kan tenkje seg å gripe
fatt i – og freiste å gjere noke med kan me nemne « Inn på
tunet», landbruks-
utvikling,
grendeutvikling, åpent kulturlandskap og alternativ bruk av tome
landbruksbygg. « Smia» skal koordinere og utvikle delprosjekt på
bygdene slik at dei vert meir attraktive 24 timer i døgeret og 7
dagar i veka»
Den Europeiske
Union (EU) he løyvd 55 mrd euro til slike prosjekt. I denne
samanheng vil prosjektleiar Rismyhr søkje unionen om rundt rekna
12 millionar kroner til lokale tiltak. « Smia» vil samarbeide
med dei respektive landbrukskontora med fokus på
landbruksutvikling, og spesiellt ei vinkling retta mot
kvinnelege arbeidsplassar. Målet er levande bygder og sterke
lokalsamfunn. Løysinga, den økonomiske, ligg i hovudsak i
Brussel – hjå den Europeiske Union. Det må vere eit tankekors,
for nokon og ein kvar, at det no er «store stygge EU» som til
sist kan hindre fråflytting frå bygdene og få nytt liv i
nedlagte gardsbruk i distrikta.

|