Nyttige lenker
  ARKIV moisund.com
  NETTHANDEL
  Moi frå lufta
  Ruteopplysninger
  Skråblikk på kvardagen
  Risdal Touring
  Setesdal Scene
  Revygruppa MORUS
  Andre lenker




 

Soknerådet -noko for deg?

I Setesdølen hadde vi eit stykke der vi oppmoda folk til å stille til val til Sokneråda i Setesdalen. Og i Evje og Hornnes vil vi framleis trenge folk til 2 sokneråd for kyrkjelyden i Hornnes sa nei til å slå seg saman med Evje.  Derfor ei spesiell oppmoding til  Hornnesfolk : Sei ja dersom du blir spurt om å stå på lista.

Sokneråda i Evje og Hornnes samarbeider nært, og vi har teke på oss store oppgåver som vi er stolte av men som og kostar  pengar.  Sokneråda  må kvart år samle inn ca 150 000 kr for å dekke lønsutgiftene til  dirigentane i ungdomskoret - Korialverda  og juniorkoret - Tornado. Vi betaler også vår del av løna til Prostidiakonen Per Emanuelsen.   I løpet av dei siste åra har vi og vore med på å få i gang KRIK som er eit kristent idrettsarbeid som samlar mange. Men no går det ”for eigen maskin” leia av flinke ungdomar.

Så nå be vi om to ting: At folk som blir spurte er villige til å stå på lista til Sokneråda. Og så til at deg som ser at det arbeidet vi driv er viktig: Meld deg som fast gjevar til eit av tiltaka våre! Vi er sjølvsagt og glad for enkeltbeløp. Beløp mellom 500kr og 12000 kan du få skattefrådrag for, men då må du levere navn,adresse  og personnummer til Kyrkjekontoret.

Så gå inn på nettbanken eller i din bank og registrer deg som fast gjevar. Vi treng deg!  Alle kontoane vert administrert av Olaf Bjørgum, men pengane som  kjem inn vert delt mellom Evje og Hornnes Sokneråd etter postnummeret til gjevaren.

 

 Ungdomsskoret Koriallverda  V/ Olaf Bjørgum 4735 Evje           2901.21.05337

 Juniorkoret/Tornado:            V/ Olaf Bjørgum 4735 Evje           2901.21.34728

 Prostidiakonen                    V/ Olaf Bjørgum 4735 Evje           2901.11.45408

 
Snarveg til FLICKR Snarveg til moisund.com - TV Snarveg til ARKIV
Moisund.com - Øve alt - til ei kvar tid!
Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl