Nyttige lenker
  ARKIV moisund.com
  NETTHANDEL
  Moi frå lufta
  Ruteopplysninger
  Skråblikk på kvardagen
  Risdal Touring
  Setesdal Scene
  Revygruppa MORUS
  Andre lenker




 

Vinmonopolet på Evje

«Eit typisk innlandspol»

Den 22. mars i 2001 opna Vinmonopolet på Evje. Grethe Ueland Hunshamar he vore sjef sidan fyrste dagen.  Omsetnaden gjeng heilt etter planen hjå det som Grethe omtalar som eit typisk «innlandspol.» I løpet av fjoråret omsette polet på Evje 108 795  liter flytande væske. Samanlikna med resten av polutsala i regionen så er utsalet på Evje for ein liten butikk å rekne. Dei populære vinkartongane er etterspurd her på same vis som i resten av landet. Nordmenn he vorte eit vindrikkande folkeslag. Når Grethe nemner ordet «innlandspol » så er kjenneteiknet på mange av desse m.a. at her selgjast det meir vodka enn hjå meir urbane utsal. Folk på landbygda he såleis si heilt spesielle oppskrift på helsedrykk, festbrus og velvære.

 

Den lokale «Setesdalsakevittten» vart ein hei- dundrande suksess hjå Vinmonopolet på Evje. Meir enn 1400 flasker er seld, og i desse dagar ringjer Grethe Ueland Hunshamar landet rundt for å kjøpe opp siste rest av dei edle dropane. Vonleg vert det ny produksjon neste haust.

Turistar og hyttefolk er sjølvaste berebjelken i forretninga. Fredagen er den store handledagen. På ein god fredag vert det omsett meir enn på heile resten av vekedagane. Folk trivast på polet på Evje. God parkering, høvelege opningstider, godt utval og ei betjening som veit å setje kundane i fokus. Sprudlande humør og god varekunnskap kjenneteikner alle dei tilsette. På utsida treff me ein kar frå Høvåg. Han er på veg til hytta på Ørnefjell. «Konjakken handlar eg alltid på Evje. Noko anna er heilt utenkjeleg. Ein blir i så godt humør av å handle her» seier mannen før han hastar vidare med ei flaske «Larsen Cognac»  i jakkelomma. Det er helg.

 
Snarveg til FLICKR Snarveg til moisund.com - TV Snarveg til ARKIV
Moisund.com - Øve alt - til ei kvar tid!
Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl