Nyttige lenker
  ARKIV moisund.com
  NETTHANDEL
  Moi frå lufta
  Ruteopplysninger
  Skråblikk på kvardagen
  Risdal Touring
  Setesdal Scene
  Revygruppa MORUS
  Andre lenker




 

Sundag 8.februar

Små glimt frå Moi og Tønesland røystekrins.

Ved den tidlegare fergeterminalen ligg det meste av innanriksflåta i opplag.

Om kort tid er det eit yrande folkeliv her. Moifolk he tette bånd til åna.

Åna ligg speilblank. Gradestokken syner 8 kalde grader. Ikkje nok til at vassflata frys til. I forgrunnen, Strøymøya. Eit lokalt ferieparadis. I bakgrunnen, Vorehei.

Store snauflater. Nydeleg utsikt og det beste elgbeitet i heile soknet. Eit populært turområde både sumar og vinter.

Ein hard vinter. Det tek til å minke på matfatet.

På Kilefjorden Camping kan du framleis late vatnet. Tak med snøskuffe.

Vintercamping er i skotet som aldri før.

Torleiv, ein ekte Moigut, he funne sitt paradis her på austsida. Neraste granne med auren, elgen og banksjefen. Ein sjeldan fin stad.

På hi sida av brua. Mot sør – mot « Honnøya» og Odderstøl.  Her er det tett båttrafikk i sumarhalvåret. Eit vanskeleg farvatn å navigere i. Krypsivet,

(Juncus Bulbosus) ligg heilt i øveflata og trugar med å stoppe all båttrafikk mellom Hægeland og Moi.

Senterpartiet sin store skrekk. Fråflytting, gjenngroing av kulturlandskapet og teikn til forfall.

2 liter husvask – 1 liter kvit Drygolin og 10 liter Odel uthusmåling.  Alt slikt kjem på tilbod i mai månad. Ein telefon til Asbjørn Haugen så er nytt vindauge på plass. Vinteren er tøff i Indre Agder. Naudsynt vedlikehald må påreknast.

 
Snarveg til FLICKR Snarveg til moisund.com - TV Snarveg til ARKIV
Moisund.com - Øve alt - til ei kvar tid!
Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl