Nyttige lenker
  ARKIV moisund.com
  NETTHANDEL
  Moi frå lufta
  Ruteopplysninger
  Skråblikk på kvardagen
  Risdal Touring
  Setesdal Scene
  Revygruppa MORUS
  Andre lenker




 

Vinterfest på «Møteplassen»

Belgiske vaflar og eit esel frå Iveland.

Rein sydlansk stemning i Evje sentrum på fredag ettermiddag. Grenser vert stadig flytta når jentene på restaurant «Møteplassen» slær seg laus. Matservering ute i solveggen. Esel og geitebukk i gata. Belgiske vaflar på menyen. Det var klart for vinterfest. Sylvi Kjetsaa ( bilete) trippa rundt og kvitra som ei våryr kjøttmeis på tunet. Dette vart ein suksess. Byfolk, åsdølar, rogalendinger og innfødde Evjefolk stod i kø for å få seg ein matbit. Vaflar m/ sjokolade, pylse, heimebaka stomp og lammerove.

Harald Jacobsen, frå Åseral, serverte lammehale med tilhøyrande lauk, salat, agurk og paprika. Råvarer frå eigen gard. Eit festmåltid som truleg svært få he hatt på innsida av meltingsorgana tidlegare. Dette kjem til å verte etterspurd vare. Garantert. På fanget sit vesle Susanne Emilie.

Steinbakt stomp er i skotet som aldri før. Anne Thomas (t.h.) og Diana Øyestad selde edle varer frå eigen produkjson i Vegusdal. Flotte jenter og himla god gjærbakst. Det skal dei ha.

Petrus, med postkasse i Hornåsen og kjerring frå Moi, ser føre seg ei framtid som lokal vaffelkonge. Han var hjarteleg tilstades på vinterfesten og selde belgiske vaflar med - og utan sjokolade. Eit gastronomisk høgdepunkt. Etterspurnaden var stor, og tilbakemeldingene svært så gode. Me gler oss til neste bolk i dette industrieventyret.

Anja Brekne, busett i Iveland, er kokk på Møteplassen. Ho hadde med seg både esel og geitebukk til Evje denne ettermiddagen.

Ida Elverum Heggen og Robin Bouw vart gode vener med gjesten frå Iveland.

 

Klikk på bileta – og dei vil endre storleik.

 
Snarveg til FLICKR Snarveg til moisund.com - TV Snarveg til ARKIV
Moisund.com - Øve alt - til ei kvar tid!
Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl