|
Omsetningsrekord i Bortelid!
Denne helga vart det
arrangert vinterfest på Bortelid Skisenter. Medan tåka låg tjukk
langs kyst og i dalstroka innanfor, så var det blå himmel og
strålande solskin i Bortelid. Dette gjorde sitt til at det vart
sett rekord i omsetnad for ein einskild dag. Aldri tidlegare har
anlegget hatt slik ein omsetnad. Dette lovar godt for framtida i
anlegget som dei siste to åra har investert nærare 15 millionar
kronar. Snart kjem vinterferie og påske....me seier ikkje meir!

Ei velvaksen røy var tilstades på vinterfesten i Bortelid

Det var lange køar for å
få løyst billett denne laurdag i slutten av januar.
Sjå
fleire bilete frå skifesten under.
|