Nyttige lenker
  ARKIV moisund.com
  NETTHANDEL
  Moi frå lufta
  Ruteopplysninger
  Skråblikk på kvardagen
  Risdal Touring
  Setesdal Scene
  Revygruppa MORUS
  Andre lenker




 

Oppstart sumaren 2009

18 millionar til renovering av bru.

 

Senioringeniør hjå Statens Vegvesen, Sigurd Wiberg, stadfester til moisund.com at det alt fyrstkomande sumar vert satt i gong arbeid med å forsterke brua på RV 9 mellom Hornnes og Evje. Heile den øvste delen av brua vert fjerna og erstatta av ny og moderne konstruksjon. Eksisterande bru, frå 1966, held ikkje mål etter krava som styresmaktene stiller til slike byggverk i dag. Kontrollmålinger utført av Staens Vegvesen stadfester dette. Stadig tyngre reidskap traffikerer stamvegen gjennom Setesdal. Totalvekta på bilane he auka radikalt sidan 1966.  Den gong var tillete totalvekt på kring 25 tonn. I dag er denne grensa meir enn dobbla.

Foto: Grete Moi

Wiberg seier dei rekner med ein anleggsperiode på omlag 6 månader. Fyrst skal arbeidet ut på anbod,og så må det gjerast ein del naudsynte tiltak i samband med omkøyringsvegen om Fennefoss. Det må m.a. byggjast tilstrekkeleg med møteplassar på den smale fylkesvegen. Dei mjuke traffikantane må heller ikkje gløymast. Trafikken øve « Gullestadbrua», ved Dølen, vert ei utfordring i så måte. Senioringeniøren hadde ikkje noke fasitsvar på dette då me tala med han tidlegare i dag. Ein ting var han likevel klinkande klar på. Det vert ikkje noke omkøyring forbi gardstunet til Stein Uleberg før det er kåra ein skytterkonge på Evjemoen i byrjinga av august månad. Den trafikken lyt gå som normalt på Rv 9. Godt tenkt av ein ung ingeniør.

 
Snarveg til FLICKR Snarveg til moisund.com - TV Snarveg til ARKIV
Moisund.com - Øve alt - til ei kvar tid!
Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl