Nyttige lenker
  ARKIV moisund.com
  NETTHANDEL
  Moi frå lufta
  Ruteopplysninger
  Skråblikk på kvardagen
  Risdal Touring
  Setesdal Scene
  Revygruppa MORUS
  Andre lenker




 

Gjeterliv i Kiledalen

Denne filmen vart laga i samband med eit slektsstemne i Kiledalen i Hægeland, august 2007. Det er slekta til Torbjørg Strømstad - etterkomarar etter Tone og Olav Kiledal som budde i Lia, den øvste garden i Kiledalen.

Tone og Olav hadde 11 born og på slektsstemne var det rundt 180 tilstades av dei rundt 300 som lev i dag. Av dei 11 syskena var det berre to gjenlevande med på stemnet, nemleg Torbjørg og Hermann. Hermann døydde våren 2008 medan Torbjørg i dag bur på Hornnesheimen i ein alder av 91 år.
Aslak Hillestad som er med i filmen bur på ein aldersheim i Kristiansand. Han var bror til Olav Strømstad, mannen til Torbjørg som døydde i 1985. Desse vaks opp på Strømstad i Moisund røystekrins. Aslak gjette buskapen til nabogarden til Lia i Kiledalen.

 
 


 

Snarveg til FLICKR Snarveg til moisund.com - TV Snarveg til ARKIV
Moisund.com - Øve alt - til ei kvar tid!
Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl