|
Grendefest på Moi
« Old Boys – og
ein pastor frå Arendal»

Dei kallar seg «Kvale Old Boys ». Ein humørfyllt gutegjeng frå
Vennesla og Kristiansand. Laurdagskvelden fekk dei det til å
svinge på grendefesten på Moi. Eit populært innslag, og det såg
ut som gutane trivdes i innlandet. Dei tok til seg mykje mat,
godt med drikke, og fortalde den eine historia betre enn den
andre. Ei variert speleliste med fengjande rytmer frå ny- og
gamal tid. Det rykka i meir enn ein dansefot på Moi denne
kvelden. Avslutningsvis drog dei til med ein kjend Vera Lynn
slager « We’ll meet again. » Ja kom attende til Moi gutar,
dette sette me umåteleg pris på.


Kvale Old Boys

Halvard Myhren,
pastor frå Arendal. I utgangspunktet var nok mange skeptisk til
ein pastor som festtalar. Ingen gjekk skuffa og vonbroten heim
denne kvelden. Myhren synte seg å vere ein framifrå kåsør. Ein
poet og ein diktlesar som traff sitt publikum midt i blodpumpa.
Ei herleg blanding av skjemt og alvor. Ord til ettertanke og ein
god latter. Då kan ein ikkje ynskje seg stort meir. Sjølv ikkje
av ein pastor.

Desse to flotte
jentene hadde ein svært så gild kveld på grendefesten.

|