Nyttige lenker
  ARKIV moisund.com
  NETTHANDEL
  Moi frå lufta
  Ruteopplysninger
  Skråblikk på kvardagen
  Risdal Touring
  Setesdal Scene
  Revygruppa MORUS
  Andre lenker




 

Brøytevakt

«Det er ikkje fyll alt som vingler»

Foto: for moisund.com – Viggo Skagestad

Alarmen gjekk i Evje sentrum fredag ettermiddag. Klokka var 14:04. Ein hjullastar oppførte seg heilt uregelmentert og brukte heile vegbanen, og vel så det. Vetskremde hyttefolk på veg til Brokke og Hovden trudde knapt kva dei såg. Politietaten rykka ut med blålys og håndjern. Truleg fyllekøyring.

Midtvegs mellom bakeriet og skulen vart det stopp. I ein snøhaug. Tenestemennene luska seg innpå maskinen – og sjåføren. Den eine handa på håndjernet, den andre på alkometeret. Heilt fånyttes.

Ingen våga å opne dynna på maskinen. Føraren vart sitande. Vakthund – elle kan hende brøytevakt. Når snøen fell i slike mengder som no om dagen, ja då må alle tilgjengelege ressursar takast i bruk.

 
Snarveg til FLICKR Snarveg til moisund.com - TV Snarveg til ARKIV
Moisund.com - Øve alt - til ei kvar tid!
Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl