Nyttige lenker
  ARKIV moisund.com
  NETTHANDEL
  Moi frå lufta
  Ruteopplysninger
  Skråblikk på kvardagen
  Risdal Touring
  Setesdal Scene
  Revygruppa MORUS
  Andre lenker




 

Trebyggeriet på Hornnes

«Dette er ei transportetappe»

Tekst / foto: moisund.com

 

Sigbjørn Dåsvatn er sjef på Trebyggeriet. Den ralativt nye verksemda som tok over lokala etter Forsvaret på Hornnes. Han vedgår at den pågåande finanskrisa vart tøffare enn han i byrjinga såg føre seg. Det er 25 tilsette på Trebyggeriet. I dag er 9 av desse permiterte. Sigbjørn he mange prosjekt på teiknebrettet men det er langt fram til endeleg produksjon og full aktivitet i industrihallen. I desse dagar er han m.a. engasjert i eit Europeisk forskningsprosjekt der føremålet er å renovere gamle bygningsfasader på ein rimeleg – og ikkje minst energiøkonomisk måte. Risør vidaregåande skule skal få ny fasade og Trebyggeriet leverer varene. Heile fasaden, inn til berekonstruksjonen, vert avkledd.  Så kjem gjengen med fagfolk frå Hornnes og set opp dei nye elementa. Ferdig isolert og med vindauga ferdig montert. Svært mykje rimelegare enn å byggje nytt. Her har Trebyggeriet samarbeid med NTNU i Trondheim og med verksemder i Tyskland, Finland og Austerrike. Sjølvsagt leverast fasaden ferdig måla. Denne bolken av produksjonen vert utført hjå Setpro på Evje.

Sigbjørn he au merka seg at det nye « Kilden», kulturhuset på Lagmannsholmen, i Kristiansand, skal ha om lag 3000 kvm med tilsvarande fasade. Eit prosjekt Trebyggeriet sjølvsagt ser på med stor interesse.

Ved Hamresanden i Kristiansand er eit av dei mest miljøvenlege byggeprosjekta i heile landet i ferd med å take form.  Her skal det setjast opp 125 såkalla « passivhus. Med det meinast hus som er ekstremt lite  energikrevjande. Forbruket ligg på om lag 65 kwh pr kvadratmeter i året. I samband med dette prosjektet vert det samarbeid tett og konstruktivt med gutane på Trebyggeriet på Hornnes. Dei kan levere det meste av slikt.

Leif Thorkel Sollie syner fram korleis Trebyggeriet, med hjelp av trykkluft og eit heilt spesellt isoleringsmateriale isolerer m.a. fasadeelementer. Verksemda på Hornnes er den einaste i landet som driv med slikt i industriell samanheng.

Leif Thorkel garanterer resultatet og verksemda leverer veggseksjonar som er heilt ekstremt energisparande.

Flinke folk er eit varemerke for Trebyggeriet. Sollie driv ikkje berre med isolering og elementbyggjing. Her er han i sving med å lage ei ny informasjonstavle for industriområdet på Hornnes.

Sigbjørn Dåsvatn er ivrig etter å trekke fram kor flinke folk han he med seg i verksemda. Her f.v.  Mariusz Piersgalski frå Polen, Detlef Bøhnke frå Tyskland og Dag Magne Liestøl frå Hannåsfeltet. Både Mariusz og Detlef talar godt norsk. Dei he kjøpt seg bustad her og vert såleis verande i bygda, og vonleg så vert dei au verande på Trebyggeriet. Etter transportetappa.

Dag Magne Liestøl he gjenge læretida si hjå Trebyggeriet. No he han teke fagbrev i « Industriell trehusproduksjon.»  Resultatet vart framifrå. Dag Magne oppnådde beste karakter i både teori-og praksis.  Sigbjørn kan med rette vere stolt av arbeidsfolka sine. Det kan beint fram dokumenterast.

Ei halvferdig laftehytte, av beste slag, stend halvvegs bortgøymd inne i den eine produksjonshallen. « Den skal du få rimeleg» seier Sigbjørn, og meiner det. Dette vert ikkje noke satsingsområde i framtida.  Nye fasader, ny teknologi, forskning, energisparing og  internasjonalt samarbeid er meir høveleg for kva som vert framtida for Trebyggeriet. Sigbjørn Dåsvatn er optimist. «Verksemda er inne i ei transportetappe. Me jobbar kontinuerleg med utvikling, for å kunne vere best i klassen når marknaden snur seg.»

 
Snarveg til FLICKR Snarveg til moisund.com - TV Snarveg til ARKIV
Moisund.com - Øve alt - til ei kvar tid!
Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl