Nyttige lenker
  ARKIV moisund.com
  NETTHANDEL
  Moi frå lufta
  Ruteopplysninger
  Skråblikk på kvardagen
  Risdal Touring
  Setesdal Scene
  Revygruppa MORUS
  Andre lenker



Treningsstudio i vinden som aldri før!

Jolefeiringa er øve og nyttårsfeiringa med. No er tida inne for å handheva dei lovnadane ein gjorde i samband med inngangen til det nye året. Trimme meir, slutte å røyke, slanke seg. Lyd desse kjent i øyra dine? For mange er nok dette nokon av dei nyttårsforsetta ein hadde. Treng du hjelp til å halde desse er treningsstudioet i Otrahallen den rette plassen. Her er det profesjonelle instruktørar, Olav, Einar Kristian, Camilla, Birger. Dei er lækjarar (utan vaktordning) og fysioterapeutar. Og så har me Tony då. Ein kar som har levd heile sitt vaksne liv i teneste for idretten.

Treningsstudioet har i romjola investert i ein del nytt utstyr slik som tredemøller og syklar. Begge delar så avansert og moderne at kiloa byrjar renne av deg før du he kome i gong! Er du mellom 16 og 123 år så er du hjarteleg velkomen til å nytte apparaturen, under kyndig hjelp frå teamet av instruktørar. Treng du eige treningsprogram, ja så syr dei dette og for deg. Eit spesialprogram som er 100% tilpassa DIN lekam og DINE behov!

Senteret har ope kvar dag frå kl 09.00 - 21.00 samt laurdagar mellom kl 10.00 - 13.00. Sundagen skal du kvile!


Einar Kristian Tveitå, Birger Gauslaa og Tony Halsall er ein del av teamet du treff i treningssenteret.


Du kan trene i grupper........


....eller heilt for deg sjølv, i ditt eige tempo.

 
Siste modell innan tredemøllar og ergometersyklar. Kan det bli betre?


Og skulle du ta i noko for hardt....så he dei hjartestartar!

Vil du vite meir? Gå inn på www.otrail.no

Snarveg til FLICKR Snarveg til moisund.com - TV Snarveg til ARKIV
Moisund.com - Øve alt - til ei kvar tid!
Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl