Nyttige lenker
  ARKIV moisund.com
  NETTHANDEL
  Moi frå lufta
  Ruteopplysninger
  Skråblikk på kvardagen
  Risdal Touring
  Setesdal Scene
  Revygruppa MORUS
  Andre lenker




 

«Aktivt Skogbruk »

AKTIV UNGDOM

Foto: moisund.com

Framme f.v. Håkon Uleberg, Jonas Rosseland Nicolaysen, Olav Høgetveit og Tord Løyland

Bakerst f.v.  lærar Kjell Arne Rosseland og Håvard Rosseland.

Kurset er i regi av « Aktivt skogbruk » og faglæraren heiter Kjell Arne Rosseland. Dei er i dei tryggaste hender dei fem gutane, i alderen 14-18 år, som nyleg he vore gjennom kurs i hogstteknikk. Teoretisk og praktisk.

Tryggleik i skogen er det viktigaste gutane lærer sjølv om fagplanen inneheld ulike bolkar som rett arbeidsteknikk, felleteknikk og kvisteteknikk. Rosseland tykkjest ha eit godt lag med ungdomen. Mange spursmål, men den røynde skogskaren ser ut til å  ha svar på det meste. Då moisund.com vitja skogsgjengen på Anskjermoen, nedst i Dåsvassdalen, var det eit tiltakande problem å få svev på dei ulike motorsagene. Om dette var ein innlagt bolk i kursprogrammet fann me ikkje heilt ut av. Kjell Arne Rosseland smilte. Det gjorde ikkje elevane. Dei  drog- og drog – og drog – og drog, i kvar si startsnor. Slik lærer me opp neste generasjon med ekte skogsfolk.  « Lastehoggarar » heitte slike i min ungdom.

 

 
Snarveg til FLICKR Snarveg til moisund.com - TV Snarveg til ARKIV
Moisund.com - Øve alt - til ei kvar tid!
Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl