|
Truls vert sjef i
bingohallen
Evje Bingo opnar
dørene den 15.mars

Truls Johansen,
mangeårig journalist på radio Loland, er tilsett som dagleg
leiar på Evje Bingo. Verksemda opnar dørene 15. mars – klokka
15:00.
Det er i lokala
til Anne Sylvi Haugen, på Verksmoen, det no vert pengespel på
høgt, proffesjonelt nivå. Førebels vert det to tilsette i
bingohallen, men Johansen seier til moisund.com at dei alt no er
på jakt etter vikarar som kan trø til når det vert naudsynt.
Opningstidene vert frå klokka 12:30 – 20:30 frå mandag til
fredag. Laurdagen er dynna lukka. Sundag er opningstida frå
14:30 – 22:30. Det vert ikkje matservering i spelehallen men frå
blankpolerte automatar kan du handle både kaffe, brus og
sjokolade. Dette må du ordne heilt på eiga hand. Lokala vert
delt opp i to ulike bolkar. Ein bolk for dei som ikkje likar
tobakksrøyk – og ein annan bolk for dei som vil nyte kvelden med
Evergood kaffe, firkløver og Petterøes nr 3. På Verksmoen kan
du altså røykje så mykje du vil medan du satser månadsløna i ein
topp moderne spelehall.

Det er Bingo Sør
som eig den nye verksemda på Evje. I tillegg til 7 eksisterande
bingohallar på Sørlandet vert det no opna nye avdelinger i
Mandal, på Vanse – og altså på Evje.
Dette er pengespel
som er underlagt streng offentleg kontroll. Aldersgrense i
lokala vert 18 år, og dette er ei grense som Truls seier dei
kjem til å vere strenge på. Heile 60 prosent av innsatsen vert
betalt attende til spelarane i form av premiar. I fjor mottok
lag og foreninger på Sørlandet kring 10 millionar kroner i
utbetaling frå tilsvarande spelehallar. Her vil det altså drype
gode tilskot til lokale klubbkasser.
Utstyret som vert
montert på Verksmoen er det mest moderne som i dag finnast på
marknaden. Einskilde av maskinane he aldri vore prøvd ut i Noreg
tidlegare. Her kan du spele kryss-spel mot andre stader på
Agder, eller du kan, som i gamle dagar på Evje Kino, site med
kulepenn og krysse av på ei bingoblokk. Det vert plass til vel
70 personar, både røykjarar og ikkje røykjarar.
På
sjølve opningsdagen vert det truleg eit himla liv.
Då kan Truls & co
freiste med verdfulle gåvekort, kaffe, vafflar, blautekake og
tidtrøyte av ulik slag. Det vert det vonleg folkevandring til
Verksmoen, sundag den 15.mars – klokka 15:00.
|