|
Bingohallen på Evje er opna!
Sjølv om dagleg leiar
av den nye bingohallen på Verksmoen, Truls Johansen, diverre
måtte konstatera at datateknikken svikta på opningsdagen så let
han seg ikkje vippe av pinnen av den grunn. Gratis marsipankake,
kaffi og gåvekort kunne han gje alle dei frammøtte, sjølv om det
ikkje let seg gjere å spele bingo på den gamle gode måten med
bingobongar ein kryssar av på - med tusj! Dei nye
dataterminalane fungera og alt ein halv time etter opning gjekk
den fyrste utbetalinga på kr 520,- til ein av dei som prøvde
lukka.

Rune Kjetså til venstre
vann dagens fyrste gevinst...medan andre koste seg med ein kopp
kaffi på opningsdagen.
I desse lokala som har
ope kvar dag med unntak av laurdagen, vil ein kunne spele bingo
på datamaskinar og sjølvsagt med bongen på bordet. I papir.
Problemet på opningsdagen var at dei ikkje hadde lukkast å kome
online med Mandal kor tala vert lesne opp og kringkasta via
store fjernsynsskjermar i lokala.

Eg gav gåvekortet til Truls og bad han syne meg korleis det
skulle gjerast. Sjølvsagt ville eg ha premien som kortet måtte
gje.....

Etter registreringa var det berre å setja seg ned i ein
stressless for å spele..

Ein svært skuffa journalist kunne konstatera at det ikkje
vart ein ny redaksjonsbil denne dagen...sjølv om dagleg leiar
som skulle kjenne maskina spelte for meg....

Velkjende bingobongar som ein diverre ikkje fekk nytta på
opningsdagen på grunn av tekniske problem, men dei kjem godt med
ved seinare høve!
Sjå tidlegare artikkel her! |