|
«Byremo galleri &
ramme»
Velkomen til
Byremo.
Foto:
moisund.com

Silje Løland (t.h. ) he god hjelp av mamma, Berit, i butikken.
Silje Løland he
dreve butikk i Byremo sentrum i omlag to og eit halvt år.
Ikkje noke
hypermoderne, minimalistisk butikklokale. Eit gamalt bustadhus,
beint øve gata for banken, er omgjort til ein koseleg liten
butikk.
I to høgder. Det
knirker i loftstrappa, og når du kjem opp på loftet – og inn i
det som truleg he vore soveromet til ein eller annan staut
Grinndøl, så finn du mykje spanande. Silje veit å eksponere
varene på sin heilt spesielle og delikate måte. Innbydande –
utan kjøpepress.

« Byremo galleri &
ramme » er namnet på verksemda. Silje driv eigen rammeverkstad
i tillegg til gåvebutikken. Ei grei innkome.
På spursmål om det
kan verte levebrød av ei slik verksemd, midt i Byremo, syner
Silje engasjement og ungdomeleg pågangsmot. På sikt vil jenta
leve av dette. Det er udiskutabelt. Ting tek tid. Også på
Byremo. Seier Silje.
Laurdag 14. – og
sundag 15. mars vert det dekka festbord i gymnastikksalen på
Byremo skule. Saman med Brødrene Ågedal, som driv bakeri og
konditori i Konsmo, og ei forretning i Øyslebø med det lovande
namnet « Evig Din» vil Silje skipe til FESTUTSTILLING. Ja du
las rett.
Her vert det
utstilling av blomar, pynt, brurebukettar, bryllaupsutstyr,
dåpsutstyr, festkaker og så uendeleg mykje meir. Silje Løland,
ei fresk forretningskvinne som vil få fart på næringslivet – og
på bygda. Ho er på god veg. Glimt i augo, eit varmt smil, lett
på foten og framtida framføre seg.

Klikk på bileta under, og dei vil endre storleik.
Bli med inn i stova – og opp på loptet til Silje.
|