|
Evjetun – største
overnattingsverksemda i bygda.
Sundag 29.mars
vart det beden til gjestebod.
Foto: moisund.com

Sentrale personar i
samband med utbyggjinga ved Evjetun. Framme f.v: Aslak Eppeland
og Egil Galteland. Bak.fv: Roald Galteland og Helge Norheim
Sundag vart det
skipa til stor fest på Evjetun. Bordsete til kring 300
festkledde mennesk i alle aldre. Sola skein frå nærast skyfri
himmel, flagget til topps og berre blide andlet å sjå. Offisiell
opning av av ei særs vellukka utbyggjing av den vidgjetne
leirskulen. Fyrst var det omvisning, frå kjellar til loft.
Kaffe, sjokoladekake - og kake med marsipanlok på matsetelen. Så
var det fest. Song, talar, helsinger og lovord. Ein stolt
byggjekomite og ein imponert møtelyd.

Egil Galteland.
Ekte evjegut, sjølv om han flytta frå bygda tidleg på 60-talet.
No he han vore leiar av byggjekomiteen på Evjetun. I dag ein
stolt og audmjuk leiar. Dugande fagfolk i alle bolkar gjer at
han – og resten av gjengen, kan syne fram eit moderne
praktbygg. Galteland vil gjerne trekke fram hovudentrepenøren,
Smeland Byggservice. Ein fantastisk gjeng som he utført arbeidet
på ein framifrå måte. Heilt etter læreboka , og ikkje minst,
heilt etter den oppsette timeplanen.

Kari Bransdal, med
tette røter til Moisund, er dagleg leiar på Evjetun. Denne dagen
hadde Kari mange gjeremål, og det vart lite tid til naudsynt
merkantilt arbeid i timane før festen tok til.
Å vere styrar på
Evjetun krev ein leiar med stø hand – og ikkje minst eit klårt
hovud. Det kjem truleg som ei overrasking på dei fleste
sambygdinger når Kari kan opplyse at Evjetun kvart einaste år he
tett på 10 000 overnattingsgjester. Den største
overnattingsverksemda i bygda.

Tid for
oppsummering. Tid for ettertanke.
Ein snau time før møtelyden tek
sete i festsalen.
Roald Galteland
kan sjå attende på meir enn 1000 dugnadstimer i samband med
utbyggjinga. Imponerande. Han fortente eit ekstra stort
kakestykke denne dagen. Evjeguten, Roald Galteland.

Så kom møtelyden.
Bil etter bil. Festkledde folk – med og utan bunad. Med og utan
handveske. Stø kurs mot matsalen, festsalen og ein gild
ettermiddag med mellom anna leiaren i NLM, Ernst Jarle Halsne –
Flekkerøygutane og Ruth Simonsen på gjestelista.
|