Nyttige lenker
  ARKIV moisund.com
  NETTHANDEL
  Moi frå lufta
  Ruteopplysninger
  Skråblikk på kvardagen
  Risdal Touring
  Setesdal Scene
  Revygruppa MORUS
  Andre lenker




 

«Flatebygg as»

Ordreboka er smekk full..

Foto: moisund.com

Adm.dir Tor Syvert Jokelid (t.v.) og arbeidande formann Knut Albert Hauan.

Tor Syvert Jokelid og Torstein Undeland starta verksemda «Flatebygg as» i juni 2007. Resten av soga er som eit eventyr på høglys dag. Det vesle firmaet med 3 tilsette he så uendeleg mykje å gjere. Finanskrisa he dei berre lest om i Fevennen. I fylgje Tor Syvert er ordreboka fullteikna heilt fram til 2. sundagen i advent. No må dei kalle inn ekstra arbeidskraft til sumaren for å halde unna for etterspurnaden.  «Flatebygg» he på kort tid opparbeida seg heiderleg omtale i marknaden. Slikt spreier seg som eld i turt gras. Heilt til byen. Og til Søgne.

Jokelid fortel at dei tek på seg all slag arbeid. Totalentreprise kallast slikt.

Hyttebyggjing, nye busteder, påbygg, hundehus og ny veranda. Det er visst ikkje noke som er umogeleg for den ungdomeleg gjengen hjå Flatebygg as.

Like øve påske set dei kursen mot arbeiderstroka på Moi. Ordføraren, eller kan hende er det ordførarfrua, he tinga brenn nytt kjøkken. På dette nivået vel dei sjølvsagt håndverkarar frå øvste hylle.

Moisund.com treff gutane i ei hytte på Høgås hyttefelt. Ikkje langt frå Gautestad – eller Bertesknapen. Dei er på oppløpsida, Tor Syvert og Knut Albert. Eigaren skal feire påska i ny hytte. No er det dei siste detaljane som skal på plass. Vatn i dassen, ljos på badet og skåpdynnene på kjøkkenet må tilpassast. Alt er i rute seier administrerande direktør. Til og med nøkelen, til den obligatoriske nøkelseremonien, er klar. Hjå «Flatebygg” tenkjer dei på alt.  www.flatebygg.no

 

 

Snarveg til FLICKR Snarveg til moisund.com - TV Snarveg til ARKIV
Moisund.com - Øve alt - til ei kvar tid!
Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl