Nyttige lenker
  ARKIV moisund.com
  NETTHANDEL
  Moi frå lufta
  Ruteopplysninger
  Skråblikk på kvardagen
  Risdal Touring
  Setesdal Scene
  Revygruppa MORUS
  Andre lenker




 

Laurdag 21.mars

Det er vår i lufta.

Foto: moisund.com

Isen ligg tjukk på Ørevatn i Åseral. Kraftstasjonen på Skjerka venter på snøsmeltinga. Det dryp frå taket og Linerla er i kominga. Litt lenger oppe i lia he Tor Åge byrja å rigge til Rootsfestival. Bikkja er dau, men festivalen lever.

Nede på stronda fær me auge på ein kar som er i ferd med å hogge hol i isen. Truleg isfiske. Matauk, spaning og det gode liv. Der tok me feil !

Erik Kittelstad (15) he bada her kvar einaste dag sidan 28.mai i 2008. Ein dag he han skulka. Det var den 5.august. Årsak til det var ein innlagt familietur til Danmark. Gyldig fråver, men ikkje heilt greit.

Til vanleg er det på kveldstid Erik høgg hol i isen og laugar seg. Då er vatnet klårt og fint. På grunn av reguleringa i samband med kraftstasjonen må Erik ha to tilgjengelege vasshol. Eit for høgvatn – og eit for lågvatn.

 

Klikk på bileta under, og dei vil endre storleik. Fær du hug på å lauge deg før neste helg så er det sikkert høve til å låne eit av vasshola til Erik Kittelstad. Han såg ut til å vere ein lageleg kar. Nybada og barføtt i snøen.

 

Snarveg til FLICKR Snarveg til moisund.com - TV Snarveg til ARKIV
Moisund.com - Øve alt - til ei kvar tid!
Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl