|
Vyrde redaktør.
Lat meg få lov å peike på ein fundamental
informativ svikt ved reportasjen dykkar frå strikke-kafeen på
Bestestaua. Kvifor i all verda skulle Marit Leesland, ei
oppgåande dame frå kulturbygda Iveland strikke genser til Jan
Olsen frå Jordalsbø?
Saka
er denne: Marit Leesland har lenge vore tilsett i Pr-avdelinga
hjå eit ikkje heilt ukjent sykkelprosjekt. I vinter tok ein
liten svipptur til dalstroka utanfor, til Karibien, for å sjå
korleis prosjektet sin PR fungerte under palmene. Ho blei jupt
såra og vonbråten då ho fekk sjå at grunna Olsen sin manglande
brystmusklatur, reklamerte den førre genseren hennar for feil
prosjekt. Når Olsen gjekk med armene naturleg langs sida, sto
det på brystet hans "KLER TIL CU". Ikkje før jordølen slo ut med
armene såg ein den korrekte teksten "SYKLER TIL CUBA".(bilete
nr.1)
Marit hadde då to måter ho kunne ordne problemet
på. Ho kunne få auka Olsen sin brystmusklatur eller strikke ny
genser, truleg med teksten vertikalt. Reportasjen frå Bestestaua
syner kva måte ho fann enklast.
Sykkelprosjektet,
som nå går inn i sin tiande sesong, kunne sist vinter gle
fattige cubanarar med endå to sykkel-containerar . Ein av dei
finaste syklane kom, ikkje uventa, frå sykkelbygda
Moisund, Sonja Langeid sin raude DBS. Ein anna raud DBS, kom frå
Jortveit, frå ei av døtrene til Johnny. Det var gome Sigrunn
Smeland, ei dame av den rause sorten, som fekk lurt sykkelen
avgarde til Cuba. Og skulle nokon frå dalstroka innanfor
forville seg inn i den berykta bydelen Jesus Maria i Habana, kan
dei risikere å treffe på ein liten gul sykkel med reklame for
Evje Elektriske AS. Det skuldast at Dag Odde, slik gode
setesdøler bør, ringte 90940437 og tømte garasjen for syklar som
ungene hadde vakse ifrå.
Ein bør og merke seg at redaktør Moi var ein av
pionerane då han for ni år sidan, truleg under eit av sine
jamnlege anfall av cyklofobi, sende heile tre syklar til Cuba.

Vyrdsamt
Jan Olsen
Sjå artikkel frå
strikkestova her! |