|
Eit merkeleg vokabular
– i norsk språkdrakt
«Kjempe» - eit ord utan mål og meining.

Set
deg i godstolen, lat att augo, fall hendene på magen og tenk på
kor mange gonger du i løpet av dagen høyrer – eller seier ordet
«kjempe.»
Eit
meiningslaust ord som dag for dag et seg inn i vårt norske
språk. Du kan omtrent ikkje tale med eit menneskje i dag utan at
dette rare ordet dukker opp ei -eller fleire gonger. Ja er det
slik at folk ikkje he noke på hjartet, eller mangler ord, så
seier dei berre «kjempe.» Samtale slutt og me går kvar til oss
sjølve. Kjempe, eigentleg. På bedehuset vert det skipa til
kjempebasar med kjempegevinster. I butikkane er det kjempesalg
og på kaffestova fær du kaffe og wienerbrød til kjempepris.
Kjempe. Du kan gå på kjempekonsert, høyre på kjempeforedrag og
rett og slett kjøpe deg eit par nye sko, som beint fram berre er
«kjempe.» Du treng ikkje seie meir. Det er det som er så
kjempegreit. He du vore på kino og nokon spør om filmen var god,
kan du berre svare med universalordet «kjempe». He du vore på
jordomseiling eit par år, og nokon spør korleis turen he vore,
ja då kan du berre seie «kjempe.»
Korkje meir eller mindre.
Ingen i dag venter på noke meir utfyllande svar.
Høyrer
du eit intervju på Kringkastinga så kan du for moro skuld notere
ned kor mange gonger ordet «kjempe» vert nytta. Ein
idrettsutøvar t.d. Kjempetent før løpet, kjempegode ski,
kjempemotivert og kjempegøy å vinne. Likevel var det
kjempekjedeleg at ikkje dei beste stilde til start i dette
kjempearrangementet. Slik som dette he språket utvikla seg. For
ei gong skuld ikkje med bruk av engelske ord og uttrykk.
Kjempebra.Kor kjem eigentleg dette merkelege ordet frå? Held
utviklinga fram i same tempo som i dag så treng me, i framtida,
berre tre norske ord. Ja, nei og kjempe. I
fylgje språforskar Sylfest Lomheim vil me om 100 år ha engelsk
som skriftspråk i Noreg. Eigentleg kjempebra. Engelsk er då eit
internasjonalt kjempespråk. Kjempe.

|