Nyttige lenker
  ARKIV moisund.com
  NETTHANDEL
  Moi frå lufta
  Ruteopplysninger
  Skråblikk på kvardagen
  Risdal Touring
  Setesdal Scene
  Revygruppa MORUS
  Andre lenker




 

Hjelp til Russland

« Med hjartet på rette staden.»

Foto: moisund.com

Kari Irene Godtfredsen kjem frå ein romsleg og møblert heim på Moi.

No vil jenta gjere ein innsats for medmenneskje som ikkje he det så altfor greit i kvardagen. Nestekjærleik i praksis. I hop med gode medhjelparar, og med organisasjonen «Hjelp til Russland» i ryggen, vil Kari Irene no samle inn m.a. klede og sko til trengjande i Russland.

Fredagen den 8.mai vert det skipa til ein kraftfull aktivitetsdag på bedehuset på Moi. Då kan folk frå fjern og nær levere brukte sko og klede til eit godt formål.

Sjølvsagt må dette vere reint og heilt – og pakka i ei pappeske eller i ein

plastsekk. Det er viktig at kvart kolli er merka med innhald. Då tenjer ein på kva aldersgruppe og kjønn varene høver til. Det ville ikkje vere greit om bestemor på 80 fekk tildelt ei strømpebukse, storleik 12 år….

Me kjem attende med meir detaljert program ved eit seinare høve.

Alt no kan godtfolk byrje å pakke ned vintergarderoben i turvande emballasje, og samstundes merke av den 8. mai i almanakka.

Er det noke du lurer på kan du kontakte jentene i prosjektgruppa:

Kari Irene Godtfredsen ( 99228076 ) Inger Anne Øydne ( 93899004 )

Grete Moi ( 90605069 ) – eller du kan lese meir på www.helprussia.no

 
Snarveg til FLICKR Snarveg til moisund.com - TV Snarveg til ARKIV
Moisund.com - Øve alt - til ei kvar tid!
Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl