|
To kyrkjer – eitt
sokn.
Kyrkjestrid til
heradstyret.

Ei djup kløft
deler Fennefossfjellet i to bolkar. Åna, vassvegen gjennom
dalen, deler kommunen vår i to bolkar. Nasjonaldagen, 17.mai,
deler bygda i to bolkar. Evjefolk feirer dagen på Evjemoen medan
Honndølane stuver seg i hop i Otrahallen. Kyrkja, den norske,
deler kyrkjelyden i to bolkar.
No hamnar
spursmålet « To kyrkjer – eitt sokn » i heradstyret. Dei
folkevalde skal no drøfte denne saka, og kome med ein uttale,
før Kyrkjeleg Fellesråd og Bispedømerådet tek den endelege
avgjerda. Ei tung og vanskeleg avgjerd. Sterke meininger,
tradisjonar, tradisjonar, tradisjonar og tradisjonar.

AP-dronninga, Aud
Helene Austegard, er ein av lokale politikarar som fredag den
13. mars skal drøfte samanslåing av våre to kyrkjesokn. Unge
Austegard seier nok klårt frå om kva ho meiner er rett i denne
saka. Ho plar det.
Sokneråda i
kommunen he fenge greia ut spursmålet om Evje sokn og Hornnes
sokn skal slåast i hop til eit felles sokn. Utvalet som he
arbeidd med denne saka gjeng inn for ei samanslåing. Det same
gjer Kyrkjeleg Fellesråd, soknerådet og soknemøtet i Evje. Eit
klårt fleirtal i soknemøtet i Hornnes gjeng i mot samanslåing.
Det same gjer Hornnes sokneråd.
Det er likevel
semje om at søknaden om samanslåing skal sendast til Bispedømet
for endeleg avgjersle i Bispedømerådet.
Etter ynskje frå
Bispedømerådet he Kyrkjeleg Fellesråd bede om kommunen sin
uttale. Det vil dei truleg få. Saka vert servert dei folkevalde
i Evje og Hornnes, fredag den 13.mars.

|