Nyttige lenker
  ARKIV moisund.com
  NETTHANDEL
  Moi frå lufta
  Ruteopplysninger
  Skråblikk på kvardagen
  Risdal Touring
  Setesdal Scene
  Revygruppa MORUS
  Andre lenker




 

LS 2009 på Evjemoen

Brikkene fell på plass.

Foto: moisund.com

Fennefossguten Leif Fjerdingstad er sjef for heile skyttarstemnet.

Hovudkomiteen for Landsskyttarstemnet tok sete på Evjemoen tysdag 17.mars. Osvald Uleberg serverte kruttsterk kaffe og medbrakt gjærbakst på sylvfat. God stemning og stor optimisme sette sitt preg på denne kvelden.

Leiar av hovudkomiteen, Leif Fjerdingstad, styrer møta med stø hand og klår røyst. Han he vorte meir forsiktig med kaffedrikkinga etter han passerte 60 års grensa. Det er slik det høver seg eldre folk. Samanhengjande nattesøvn  og regelmessig døgnrytme er viktigare enn ein ekstra kopp med

Evergood.

Yvonne Ødegård

Punkt nummer 4 på sakslista var tilsetjing av sekretær for hovudkomiteen.

Spaninga var stor. Ingen vart skuffa. Den røynde bladfyken, Paul Mjåland, vart tagal. Skyttarlegenda Anders Metveit turka ei tåre frå kjaken. Venneslajenta Yvonne Ødegård kom som eit friskt pust inn blandt ein gjeng mannfolk som for lengst he passert livets middagshøgde og den mest aktive vekstalderen.

Eit landsskyttarstemne krev ein sekretær og eit ordensmenneskje frå øvste hylle. Yvonne er håndplukka til jobben. Ho vert neppe arbeidsledig dei neste månadane. Ei viktig brikke fall på plass.

Bjarne Haugjord frå Evje he teke på seg vervet som leiar av premie-

komiteen. Eit puslespel  med medaljar, premiar, gåvepremiar og pokalar for omternt alt kva du kan tenkje deg. Då Bjarne tok på seg ansvaret var det ei viktig brikke som fall på plass.

Det er ikkje svært enkelt å ha meir enn ein tanke i hovudet på ei gong. Egil Juvastøl he den eigenskapen. Han kan ha mange tankar på harddisken – samstundes. Truleg årsaken til at unge Juvastøl vart henta til jobben som arenasjef. Egil he no kontroll på alt frå lydanlegg, scene, tribunar, hoppeslott for dei minste og eit utall toalett på to-og fire hjul. Mange brikkar he falle på plass den siste veka.

Pågangen frå potensielle deltakarar er aukande. På telefon og på mail.

Interessa er stor og det kan gå mot deltakarrekord.

Radio Evje vert stemneradio, kongefinalen er flytta til torsdagen, Telenor må syte for ei kraftig oppgradering av mobilkapasiteten og torsdag denne veka vert dei fyrste friviljuge kalla inn til kurs. Kurs i elektronisk resultatservice på moderne EDB maskinar. Den bolken må så avgjort ikkje svilkte. I så fall vert det heller ikkje nokon kongefinale på torsdagen……

Leiar av hovudkomiteen he kontroll. Det same gjeld sjefane i dei ulike underkomiteane. Røynde folk. Skyttarar gjennom eit langt liv.

Landsskyttarstemnet på Evjemoen vert ein folkefest me aldri he sett maken til. Garantert.

 
Snarveg til FLICKR Snarveg til moisund.com - TV Snarveg til ARKIV
Moisund.com - Øve alt - til ei kvar tid!
Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl