EU`s Vanndirektiv, kva er det?

 

I 2008 vart det oppretta eit interfylkeskommunalt utvalg av politikarar frå Rogaland, Vest Agder og Aust Agder, som skulle arbeide med det oppdraget EU har gitt på område vasskvalitet.

Målet er å ikkje forringe vasskvaliteten i vassdraga våre, og der det er forureining, ved tiltak få tilstanden tilbake til ”god”.

Det er mykje å ta fatt i, difor vart det bestemt at ein i første omgang skulle se på forholda i Figgjo-vassdraget i Rogaland, og Otravassdraget i Aust Agder og Vest Agder.

Fylkesmannen i Vest Agder har det øverste ansvar.

Når det gjeld vårt vassdrag i vår kommune er det mykje som er bra. Vasskvaliteten er bra, og det er ikkje så ille med forsuringa som det har vore så mykje fokus på før.

Nå er der andre problem som er verre. Eg nemner krypsiv, ørekyt og avrenning frå skytefeltet på Evjemoen og frå Flåt Gruver.

Det siste kan ikkje kommunen gjere noko med aleine. Her må ein ha forsvaret med, og korleis får ein det, nå som dei har trekt seg ut av området? Så er det miljøverndepartementet. Kan ein vente seg hjelp frå det hald?

Men det ein må satse på å få gjort noko med er krypsivet. Det er blitt eit stort problem i Otra. Det øydelegg fiske – og gyteplassar, og demper gleda ved bading og båtbruk. Utbreiinga av krypsivet er kartlagt, og heile 10296 da  i Otra er tilgrodd, og ca 2000 da i vår kommune.

Årsaken til denne ekstreme tilgroinga kjenner ein ikkje. Men det er mykje som tyder på at det har noko med regulering av vassdraget å gjere, i tillegg til at for mykje nitrogen kan føre til sterk vekst. Kanskje ein kombinasjon av desse tilhøva?

Å få det bort er ikkje lett. Foreløpig kjenner ein ikkje til anna enn mekanisk fjerning.

Det er arbeidskrevjande og dyrt, og om ein fjernar krypsivet, går det ikkje meir enn tre til fire år før det er grodd til att. Dette er eit problem både for næringsfiske og for rekreasjon.

Stein Uleberg, som driv med yrkesfiske i Otra, meiner at med avkastningen frå krypsivfondet, noko kommunalt tilskot, så er det mogeleg å halde elva fri for krypsiv!

For reinsking av elva i heile kommunen vil det for førstegongs reinsking og gjentaking kvart fjerde år, koste ca 700.000 kr pr år for å halde krypsivet nede.

Dette er noko kommunane må ta inn over seg, og legge inn midlar i budsjetta til dette arbeidet, samstundes som ein må halde trykket oppe overfor regulanten, og inn mot miljøvern- departementet.

Så er det ørekyta. Den har til nå vore eit problem øvst i vassdraget. Men det er teikn som tyder på at ho ikkje er langt unna Byglandsfjorden. Ørekyta øydelegg for matfisken ved å konkurrere om næringa i elva. Ho tar også yngel. Korleis skal vi hindre ho i å spreie seg nedover? Førebels er det berre sett fokus på problemet, men vi kjenne ikkje rådgjerer mot det.

Vidare er det viktig å sikre det sjeldne fiskeslaget bleke. Her kan kalking og restaurering av gyteplassar vere viktige tiltak.

Nå kjem det ein forvaltningsplan for dei vassdraga som er omtala, til høyring. Den ligg på vannportalen.no Les den og bli med på debatten. Vi vil ha vasskvaliteten tilbake til ”god” i Otra!

 

Inger Juvastøl

Evje.