Nyttige lenker
  ARKIV moisund.com
  NETTHANDEL
  Moi frå lufta
  Ruteopplysninger
  Skråblikk på kvardagen
  Risdal Touring
  Setesdal Scene
  Revygruppa MORUS
  Andre lenker




 

Festkveld i Ivelandshallen

Mathilde (90 ) trollbandt publikum.

Film/Foto: moisund.com

Mykje folk og fantastisk stemning i Ivelandshallen på fredagskvelden. Lindesnes Trekkspillklubb, i hop med gode vener, vitja kulturbygda.

Mykje godtfolk var samla under same tak.  Siggen Høyland, Atti Eikaas, Magne Kjetså, Olaf Engestøl, 3 generasjonar Stulien, Per Moi, Tora Honnemyr og ein dyrlækjar frå Syrtveit.

Eit udiskutabelt høgdepunkt vart det då Mathilde Marker, 90 år gamal, kleiv opp på scena og klemde i veg med den kjende salma «  O store Gud.»

Ikkje eit auge var turt. Folk såg på kvarandre og trudde knapt kva dei høyrde. Publikum reiste seg og gav Mathilde ein velfortent applaus. Ei sterk oppleving. Eit musikalsk høgdepunkt.

Sjølv røynde medlemmer av trekkspillklubben vart sitjande å måpe då Mathilde serverte salmesong, akkompagnert av Atti Eikaas & co.

Lindesnes Trekkspillklubb – ein samskipnad av entusiastar i alle aldre.

Felles interesse for trekkspel, song, musikk og ekte livsglede. Totalt reinska for stjernenykker, snobberi og anna tullball. Jordnære folk med  trufaste tilhøyrar øve heile Noreg – og halve Amerika. Snart vert dei å høyre i den Norske Opera.  Neste år, på Kong Harald sin åremålsdag den 21. februar, kan trekkspillklubben feire 20 års jubileum. Slikt bør feirast på kvit marmor – i Bjørvika.

Skal det svinge skikkeleg i lokalet må det ofte supplerast med eit og anna instrument i tillegg til trekkspel og torader. Ingen tvil om at denne jenta var eit godt supplement i så måte.

Når Lindesnes Trekkspillklubb dreg i gong ein feiande vals – ja då er det vanskeleg å sitje roleg på ein billig plaststol frå IKEA. Dette unge paret svinga seg gladeleg i valsen. Nokre feilsteg såg me, men ikkje skjemmande. Ein fantastisk kveld. Kulturbygda Iveland he klart det endå ei gong.

Klikk på bileta under, og dei vil endre storleik. I tillegg kan du sjå film, frå

festkvelden, produsert av moisund.com – TV. I fargar.

 

 

Snarveg til FLICKR Snarveg til moisund.com - TV Snarveg til ARKIV
Moisund.com - Øve alt - til ei kvar tid!
Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl