|
Maskinsalg på Evje
Satsar friskt og
meir enn dobblar butikkarealet.

Helge Roland
(t.v.) og Petter Hegland.
Dei satsar friskt,
gutane hjå Maskinsalg på Evje. Like etter påskehøgtida tek dei i
bruk ein flunkande ny butikk. Arealet vert meir enn dobbla i
høve til noverande lokale. Totalt fær dei no kring 700 kvm å
boltre seg på.
Vareutvalet kjem
til å verte noke av det same, men i fylgje unge Hegland vil dei
no få betre høve til å stille ut varene på ein vetug måte. Det
som tidligare he ligge nedstuva i pappesker på eit mørkt lager
vil no finne sin plass i moderne hylleseksjonar i den ljose,
fine forretninga. Då moisund.com vitja forretninga ein tidleg
morgon var det alt full aktivitet. Leverandørar av ulike slag
hadde funne sin tilmålte plass. Det vrimla som i ei maurtuve.
Vareplassering kallast slikt på fagspråket. Den einaste av dei
tilsette som verkeleg he skjøna kor mykje arbeid dette eigentleg
krev, er sjefen sjølve – Atle Hægeland. Han he reist på
jordomseiling og kjem ikkje heimatt før den nye forretninga er
klar til bruk. Då vert det garantert gode tilbod, prutningsmon
og høve til ein triveleg handel på Verksmoen. Dei he røynsle for
slikt. Gutane hjå Maskinsalg.

Petter tilstår,
utan atterhald, at skal dei få dette til å sjå greit ut så må
det kvinnfolk inn i biletet. Han vart hoppande glad då Inger
Larsen frå verksemda «Helly Hansen» dukka opp på åstaden. I
bolken for gode, varme og turvande arbeidsklede var det i alle
fall full kontroll. Korleis det ligg til rette i avdelinga for
motorsager, plenklypparar og spenefeitt veit me beint fram ikkje.
Ikkje alt kan synast fram til pågåande bladfykar, kort tid før
opningsfesten.
|