|
Til
helga er det NM i Bortelid
NM i skifelt er ikkje Noregs største NM. Men det
er eit prestisjetungt arrangement med lei ang historie. Til
helga vil omlag 40 deltakarar tevle om dei gjævaste medaljar og
ein kongepokal for beste løpar over 2 dagar.
Det er Torridal Skytterlag som er teknisk
arrangør med god hjelp frå Det Frivillige Skyttervesen og Agder
Skyttersamlag. Saman med Bortelid Anlegg og Arrangement som
gjennom mange år har jobba for ein skiarena i Bortelid er det no
mogleg å arrangere ei nasjonal tevling i skifelt i snøsikre og
vakre omgjevnader.
Åseral Kommune har gjennom tilskot og samarbeid
vore ein viktig bidragsytar til at dette arrangementet får nytte
eit topp moderne skistadion.
Skifelt er forløparen til
den moderne skiskytinga vi har i dag. I dag er det i hovudsak
skyttare som tek ski på beina for å kombinere feltskyting med
skigåing. Dei beste går 12 km og skyt 30 skot på feltfigurar med
ukjent avstand. Med heile 3 min tillegg for kvart bomskot sier
det seg sjølv at skytinga er avgjerande for utfallet.
 |