Åse Uleberg (t.v.) og Gro Uldal er to sentrale
personar i samband med Norgestreffet.
Det er ikkje heilt
tilfeldig at vår lokale motorsykkelklubb, «Road Runners MC »
denne våren stend som arrangør av det største treffet i landet.
Klubben med 71
medlemmer he i årevis stått fram som ein seriøs og hardt
arbeidande klubb. Eit knakande godt miljø der klubbhuset på
Verksmoen he ei sentral rolle, både i kvardag og fest.
Åse
Uleberg, med ekte Fennefossblod i årene, he teke på seg jobben
som hovudansvarleg for heile kalaset. Til dagleg er Åse
prosjektansvarleg i
Statens Vegvesen,
med hovudfokus på ungdom og trafikktryggleik.
Gro Uldal er sjef
i Road Runners Mc og er såleis ein særs viktig medspelar i
leiargruppa. Dei he båe to nokre hektiske veker framføre seg –
og dei he samstundes meir enn hundre medhjelparar bak seg. Heilt
avgjerande.
Det er 10 år sidan
sist våre lokale motorsykkelklubb skipa til Norgestreff. Det
vart ein suksess utan like. No ligg alt til rette for ein ny
folkefest i bygda. Nordre leir på Evjemoen er som skreddersydd
for føremålet. I tida frå 28. – 31 mai vil truleg ein stad
mellom 2500 og 3000 tohjulinger trille inn porten, midt på
Evjemoensletta. Eit lurveleven – garantert.
På programmet, i
tillegg til den sosiale økta i teltleiren, stend mellom anna
utstilling av motorsyklar, konsertar av ulike slag og ein felles
køyretur – bygda rundt. Eimen av blyfri bensin, svidd gummi og
utsleten clutsch kjem til å liggje som eit teppe øve heile
røystekrinsen det meste av pinsehøgtida.
Moisund.com vil
sjøllvsagt vere tilstades og formidle dei sterkaste inntrykk,
beinveges ut til almogen. Når det gjeld sjølve Pinsebodskapen
vert heller ikkje den gløymd. « Holy Riders » vil vitje
stemneplassen med både konsert og andakt. Ein
kan heller ikkje unnlate å nemne at Evjeguten Oddvar Solheim
skal stå på scena ein kveld. Eit musikalsk høgdepunkt med ein
musikar av topp internasjonal klasse. Fødd og oppvaksen i
Krossen.
Solheim he med seg
det vidgjetne orkesteret « Mikes Band». Lydnivået vil truleg
vekkje åtgaum langt ut øve militært øvingsområde. Både
fiskelaget og Ornitologisk Forening er varsla. Det vert ikkje
tillete med garnfiske i Otra medan Solheim stend på scena – og
trekkfuglane vil truleg leggje om reiseruta i dei næraste dagane
etter konserten. Ikkje greit, men naudsynt.
Me gler oss til
Norgestreff 2009. Det vert garantert ei oppleving for heile
bygda. Med Road Runners MC i førarsetet er arrangementet i dei
beste hender. Garantert.
Alf Andersen har laga denne filmen frå eit tidlegare MC treff på Kilefjorden.