Nyttige lenker
  ARKIV moisund.com
  NETTHANDEL
  Moi frå lufta
  Ruteopplysninger
  Skråblikk på kvardagen
  Risdal Touring
  Setesdal Scene
  Revygruppa MORUS
  Andre lenker




 

Richard Dovland – Ica på Evje

Ein noke annleis kjøpmann.

Foto: moisund.com

Richard er stolt eigar av Ica-butikken i Evje sentrum. Stolt kan han vere, med rette. Ein av dei finaste butikkane i klassen. Ryddig, reint og delikat framsyning av varene i alle avdelinger. Folk
trivast hjå Ica på Evje. Både kundane – og ikkje minst dei tilsette. To viktige faktorar for ei sunn
og vellukka forretningsdrift.

Unge Dovland er ein noke annleis kjøpmann. Mi meining, med positivt forteikn.

Høfleg, venleg og med ei framtoning som gjer at folk trivast i hop med guten. Her finn du ikkje endelaust skryt, vas og fjas om rekordomsetjing, prosentvis auke frå dag til dag, og nedlatande omtale av konkurrentar i nærmiljøet. Tvert om. Richard kjem som ein skugge gjennom butikklokalet. Røysta er roleg, stø og klår. Sjølvsikker. Kunne like gjerne tilhøyrd ein emissær i Santalmisjonen.

Han talar vel om alle og seier seg nøgd med utviklinga hjå butikken han overtok for snart 2 år sidan. Lokala vart totalrenoverte og mykje nytt utstyr måtte til før butikken kunne syne seg frå si beste side, slik den gjer i dag. Omsetninga peiker rette vegen, og framtida ser ljos ut for Evje som handelssenter meiner Dovland.

Sjølv om gjennomgangstrafikken, og ikkje minst hyttefolk i distriktet . er svært gode kundar, så skjer det mykje spanande i bygda det neste halvåret. Både landssamling for motorsyklar og Landsskyttarstemnet kjem til å trekkje uhorveleg mykje folk til bygda. Spanande og utfordrande for meir enn eiga verksemd.

Medan dei andre kolonialforretningene i røystrekrinsen held opent til « svarte notta » vel Richard å stengje dynna klokka 20:00. Av omsut til dei tilsette – og av omsut til dei næraste pårørande. Ein noke annleis kjøpmann. Det skal han ha.

Richard flytta frå eit hektisk forretningsliv i hovudstaden. Etter 6 år i teneste for m.a. 7’Eleven  og Securitas vende han nosa mot heimbygda og fann til slutt sitt paradis på Moisund Elvebredd.  Ny bustad, garasje, gateljos og båtplass ved åna. Her vert han verande. Han trivast på Ica – og han trivast på Evje. 

Richard Dovland. Ein umåteleg gild gut. Ein noke annleis kjøpmann.

 
Snarveg til FLICKR Snarveg til moisund.com - TV Snarveg til ARKIV
Moisund.com - Øve alt - til ei kvar tid!
Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl