Nyttige lenker
  ARKIV moisund.com
  NETTHANDEL
  Moi frå lufta
  Ruteopplysninger
  Skråblikk på kvardagen
  Risdal Touring
  Setesdal Scene
  Revygruppa MORUS
  Andre lenker




 

Førevann hyttefelt:

Eit ferieparadis utafor allfarveg.

Dei fleste av oss legg knapt nok merke til dette vegskiltet når me fer langs riksvegen med stø kurs mot Froland, Hynnekleiv eller Arendal. Litt nyfikne på kva som skjuler seg inne i audemarka så tok redaksjonen ein sundagstur i byrjinga av januar.

Etter nokre kilometer på smale og bratte skogsvegar kom me til eit skilt kor det stod ” Førevann hyttefelt.”  Snart opna landskapet seg og Førevann låg som ei perle mellom brunbeisa laftehytter og krumbøygd fjellbjørk. Mot vest, omlag 3 km borte, kunne me sjå toppen av Himmelsyna som bada seg i morgonsola.  Dette var verkeleg flott. Langt frå statusjag og høg sigarføring på Hovden var me no kome til ei hyttegrend der folk  set naturen, vassberinga og utedassen høgare enn after- ski,  off piste og Audi A6 med trekk på alle 4 hjula. I skitrekket, som er bygd på dugnad, er det ei maksimal ventetid på 3 minutt i høgsesongen.

Hyttene ved Førevann held høg standard og her kan du slå lens på tunet utan at næraste grannen vert uroa av slikt.

Grunneigar og utbyggjar er Kåre Usterud.  På telefon fær me opplyst at det er eit område på kring 800 mål som no er regulert til hyttebyggjing.  I skrivande stund er det omlag 130 hytter som er i bruk, men den totale planen syner at det er plass til rundt 300 fritidsbustader i dette populære området. Her fær du hyttetomt med veg og strøymkabel i veggen for omlag 130 000 kroner.  Du trur det neppe før du tek deg ein tur og ser det med eigne augo.

Me tek oss ein rundtur i feltet, og på hytte nr 64 treff me ein triveleg kar frå Ukraina. Sjølv om han talar kleint engelsk så he me ikkje problem med å skjøne kvarandre. Roman Gorkij vaks opp under tronge og fattige kår heime i byen Kharkiv, i nordaust Ukraina. Det var kleint med arbeid i heimlandet så Roman fann snart vegen til Noreg.   Dei siste 15 åra he han tent til livets opphald på ” svart hyttebyggjing” på Hovden.” No he han nok penger på bok til å leve resten av livet her i gjestfrie Noreg. Då han kom til Førevann for fyrste gong sa han til venene sine at” her vill eg leva – og her vil eg døy.” No levar han eit stillferdig liv her inne på høgfjellet, og stiller meir enn gjerne opp dersom ein av grannane treng hjelp til eit eller anna.

Etter ein velfortent lunsj der han set til livs store mengder pulverkaffe, vodka og heimebaka stomp med lynghonning – så er det tid for den faste middagskvila. Eg he slite nok i mitt liv seier Roman, no skal eg nyte dei åra  eg har att, her ved foten av Himmelsyna. Han senkjer lekamen ned i ein badestamp ute på tunet., og med ser at han trivast –han lukker augene gamle Roman Gorkij, til tonane av ei  vilter Kjøttmeis som et opp dei siste smulane av den heimebaka stompen, duppa i russisk  vodka.  Då me snur bilen og set kurs mot heimbygda, ja då søv både Roman og Kjøttmeisa....

 
Snarveg til FLICKR Snarveg til moisund.com - TV Snarveg til ARKIV
Moisund.com - Øve alt - til ei kvar tid!
Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl