Nyttige lenker
  ARKIV moisund.com
  NETTHANDEL
  Moi frå lufta
  Ruteopplysninger
  Skråblikk på kvardagen
  Risdal Touring
  Setesdal Scene
  Revygruppa MORUS
  Andre lenker




 

«SKI EXTREME 09»

Luftige svev og  folkefest på Bortelid.

Foto: moisund.com

Det er ikkje noke halvvegs når gutane på Bortelid Alpinsenter bed inn til fest. Full pakke, spektakulært, solid gjennomført og kvalitetssikring i alle ledd. Laurdag var det klart for « Ski Extreme 09». Vårsola skein frå skyfri himmel. Ikkje eit vindpust. Det strøymde på med folk frå tidleg morgon. Kring 1000 mennesk vitja skisenteret denne laurdagen. God mat, godt drikke og eit tettpakka program. Det vart ein folkefest.

På programmet stod mellom anna borneskirenn, skvetthopprenn, snøskuteroppvisning og bilkøyring i alpinbakken. Bilforhandlarar frå byen stillde med blankpolerte bilar med trekk på alle 4 hjula. Tevlinga gjekk ut på kven som kunne køyre lengst opp i skibakken før naturkreftene krevde at dei måtte setje bilen i revers. Dei kom ikkje langt av garde korkje Mitsubishi, Citroen, Subaru eller BMW. Dei grov seg ned i djupsnøen etter få meter. Det lukta klutch.

Så kom ein innfødd Åsdøl i ein kolsvart pickup. Han kleiv heilt til toppen.

Applaus frå eit talrikt publikum – og bilbransjen he fenge noke å tenkje på.

Imponerande var det så avgjort å sjå ungdomen som boltra seg på skvetthoppet. Føtene opp, hovudet ned – og dei vrei seg som ein korketrekkar i lufta. Dei fleste landa med skia trygt i snøen, og sklei elegant øve målstreken med eit stolt smil . Some landa med hovudet fyrst i snøen. Det var ikkje råd å sjå om desse smilte….

Då den oppveksande slekt frå Kylland, Kyrkjebygd og Bortelid trilla inn på åstaden med blodtrimma snøskutarar, ja då vart det fullt på tribuna. Ei imponerande oppvisning.  Maskineriet heldt seg mest i lufta. Det var lite dei var i kontakt med snøen.

Eit helikopeter svirra i luftromet øve Bortelid heile laurdagen. Mange nytta høvet til ein luftetur i fjellheimen. Mot eit aldri så lite salær kunne du sjå fjellheimen frå si aller beste side. Moisund.com tok seg ein tur opp i stratosfæren for å filme folkefesten frå lufta. Ein tøff tur. Meltinga kjem truleg ikkje i lage før halvvegs ut i neste veke. Journalistyrket vert tøffare for kvar dag.

Klikk på bilet under – og du vil få fleire glimt frå folkefesten på Bortelid.

 

 
Snarveg til FLICKR Snarveg til moisund.com - TV Snarveg til ARKIV
Moisund.com - Øve alt - til ei kvar tid!
Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl