Nyttige lenker
  ARKIV moisund.com
  NETTHANDEL
  Moi frå lufta
  Ruteopplysninger
  Skråblikk på kvardagen
  Risdal Touring
  Setesdal Scene
  Revygruppa MORUS
  Andre lenker




 

Skirenn på Høgås.

Klister på fingrane, snørr på nåsa, kakao i koppen og familiefest.

Marit Aune med bornebornet, Kiria Maria Aune ( 31/2 år) fann det tryggast å grave seg ned i ei snøhole.

På sjølvaste kvinnedagen vart det skipa til klubbrenn på Høgås. Eit yrande folkeliv. Fyr på grillen. Bikkja i bakken. Nervøse ungar på startstreken. I kulissane lura dei store kanonane. Arnold Kjetså, Harald Nordbø og Ola Galteland. Varmegrader i lufta. Ypsedropane rann av taket. Bakglatte ski og truleg ikkje heilt problemfritt i smørjebua. Eit yrande folkeliv – og folk kosa seg i vårsola.

Spreke jenter  i ivrig diskusjon om taktikk, smørjing og løpsopplegg. 

   

«Team Kallhovd.»  I midten Eivind Odd. Omkransa av  sine håpefulle Anine og Tom Andreas. Tidlegare var laget sponsa av landbruksamvirket / Tine meierier. No er det Olav Thon –gruppen som er tungt inne på utstyrsfronten. Unge skiløparar med eit godt støtteapparat og ei lysande framtid i sporet.

Morten Kjetså må vere eit funn for kombinertsporten. Ein framifrå langennsløper som, når det er naudsynt, tek i bruk V-stil i dei brattaste bakkane. Morten går som ein rakett i langrennslåma. Næraste pårørande: Scott Kjetså.

Toppsjef i Vegstellet, Sigurd Wiberg, er øve alt der det vert produsert sveitte og mjølkesyre. Fin og moderne når det gjeld påkledning. Ein slarv med barberhøvelen.  Favoritt i skilåma.

Fru Jokelid severte nydeleg kaffe - og vafflar av aller beste slag. Eit av høgdepunkta på skidagen.

Fyrst i matkøa var sjølvsagt John Gautestad. Høgreist, lågmælt, veltrent i lekamen og i strålande humør.Ein gut det er gildt å vere i hop med.

Gode vener. Løypemaskinen og  Geir Magne Feed. Utan desse to elementa hadde det neppe vorte noke skitevling på Høgås. Eit fantastisk team som  er best i klassen når det gjeld løypekøyring. Best på heile Sørlandet.

   

 
Snarveg til FLICKR Snarveg til moisund.com - TV Snarveg til ARKIV
Moisund.com - Øve alt - til ei kvar tid!
Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl