|
Kulturbygda
Iveland
Strikkekafe på
Bestestaua
Foto: moisund.com

Ragnhild Lilletveit ( t.v. ) og Evelyn Honnemyr.
Fyrste torsdagen i
kvar månad samlast jentene i Iveland til strikkekafe på
Bestestaua.
Frammøte varierer ein del. Det skjer så mykje i Iveland. På det
meste kan 20 strikkeglade jenter, i sin beste alder, vere samla
til sosialt samvær - og eit grann håndarbeid. Kaffe, kake, is
og anna helsekost høyrer med på ein slik kveld. Her er trivsel,
ein god latter og den gode samtalen dei viktigaste punkta på
programmet.
På sist møte hadde
dei vitjing av filledokka Annemor Sundbø. Ho heldt eit spanande
foredrag som dei fleste meinte hadde tittelen « Ånden i
fillehaugen.» Ja, ja – same kva det heitte, moro var det
likevel seier Marit, og resten av strikkegjengen ler så det
skranglar i stoveglasa.

Marit Leesland
syner fram det som er fyrste runde på det som til slutt skal
verte ny genser til den ikkje heilt ukjende Jan Olsen frå
Jordalsbø.

Ruth Tveit (t.v.)
strikker ullundertøy til kjærasten Anders. Han ligg mykje på
skogen om nettene og filmar både gauk, harepus og kattugle. Då
kan det vere kjærkoment med varme klede innerst mot lekamen. Her
fær Ruth gode råd av Marit Leesland. Kan hende er det fargen dei
diskuterer….

Snart er det
grunnlovsdag i Iveland. Ruth Fjermeros er i full sving med å
spøte ullsokker til Ivelandsbunaden. Framifrå handtverk, så
langt me kan skjøne.

F.v. Evelyn Honnemyr, Marlyn Eieland og Ruth
Tveit.
På neste møte i
strikkeklubben er det venta storfint besøk. Laila Bakken kjem på
vitjing og skal lære jentene å strikke med ull « beint frå
sauen.»
Så brakar
diskusjonen laus – så kjem nokre kraftige latterkuler – og så er
det vel Ragnhild som meiner at det ikkje kan vere beint frå
sauen, men beint frå fellen. …
Svaret fekk me
ikkje denne kvelden. Me lyt vente til fyrste torsdagen i april.
Då kjem me attende, og då vert det truleg trongt om plassen på
Bestestaua. Med – eller utan Spelsau.
|