Nyttige lenker
  ARKIV moisund.com
  NETTHANDEL
  Moi frå lufta
  Ruteopplysninger
  Skråblikk på kvardagen
  Risdal Touring
  Setesdal Scene
  Revygruppa MORUS
  Andre lenker




 

Tor Idar Lund (58 )

Slutter som sportshandlar – ei epoke er over.

Foto: moisund.com

Få kjenner det pulsereande dagleglivet i handlegata på Evje betre enn kremmerguten Tor Idar Lund. I 36 år he han forsynt heimbygda med syklar, ski, joggesko og fotballdrakter. No er det slutt. Tor Idar sel unna sportsbutikken og slepp neste generasjon – og yngre krefter til bak spakane.

I framtida vil han konsentrere seg meir om Jerniabutikken han eig i andre høgda i forretningsbygget. Ikkje noke hastig avgjersle. Ikkje noke enkel avgjersle. Tor Idar he handelsblod i årene. Fleire generasjonar attende. Firmamnet « Torgeir Lund» vart etablert så tidleg som i 1931, og vil framleis fye verksemda inn i framtida. Det er ei ny tid. Livet – og samfunnet endrer seg i takt med den. Slik er det med oss alle. Tor Idar minnast godt dei fyrste åra han dreiv sportsbutikk på Evje. Då var utvalet 4 ulike sykkelmodellar, kvite joggesko med 3 svarte striper på sida  - enten langrennski eller turlangrennski. Sportsbransja he vore gjennom ein revolusjon. I dag syter omsetninga av jakker, bukser og idrettstøy for meir enn 50 % av totalen i mange sportsforretninger. Ski og syklar har vorte ein vitenskap.

Den røynde forretningsmannen er framleis sterk i trua på Evje som eit leiande handelssenter på Indre Agder. Han er like klar på at skal dette lukkast i framtida så må det samarbeidast mykje tettare enn i dag, dei ulike verksemdene i mellom. Det er inga framtid i at kvar kjøpmann sit på eiga tuve og berre talar si eiga sak. Felles marknadsføring og felles opningstider er stikkord i denne samanheng. På spursmål om det er bransjer han saknar på Evje, fær me eigentleg ikkje noke klårt svar. Han er likevel overtydd om at fleire forretninger i same bransje, meir- og tøffare konkurranse, vil styrke Evje som eit populært handelssenter. Kundane vil ha alterntiv. Kundane vil ha mangfold. Tor Idar trekk fram t.d. sportsbransja. I dag er Evje eit eldorado for folk som skal handle sykkel, ski, golfkølle eller joggesko. Det vert omsett sportsartiklar  for nærare 20 mill på Evje i dag. Kundane kjem frå heile Sørlandet. Godt utval, låge prisar, tøff konkurranse. Eit godt døme.

Tor Idar Lund er ein av få offiserar i dette landet som kan skryte av å ha sin eigen militærleir. Tor Idar er plasskommandant. I ungdomen tok han befalskule- og i godt vaksen alder kjøpte han den vidgjetne Hannåsleiren.

No vonar han å få meir tid til naudsynt vedlikehald, plenklypping og oppussing i leiren. Også her he Tor Idar ein kulturarv å take vare på.

Det er nok likevel dei færraste sambygdinger som veit at guten he bak seg ei karriere som kelner. To år som ølberar og kelner i alpelandet Tyrol ligg som ein berebjelke i det vidare, suksessfulle forretningslivet. 

Tor Idar Lund vil framleis vere å finne som ein sentral mann i Evje sentrum.

Du vil sjå han kvar dag. På veg til banken – eller på veg til Pernille for ein kopp kaffe i hop med gode vener. Tor Idar he menge vener. Vener som ynskjer han til lukke med vidare forretningsdrift. Forretningsdrift på ein litt annleis måte. Eit anna gir. Lågare turtall.

 
Snarveg til FLICKR Snarveg til moisund.com - TV Snarveg til ARKIV
Moisund.com - Øve alt - til ei kvar tid!
Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl