|
Trygve Jokelid –
ung og lovande.
Eigedomsmeklar i
særklasse.
Foto: moisund.com

Langt frå
minimalistiske meklarkontor bak sota vindaugsglas. Langt frå
brusande capuchinomaskinar og blinkande neonljos i Kvadraturen.
Langt til fjells. Det er her me møter Trygve. Det er her guten
trivast. Blant vindskeiv fjellbjørk, orrfugl og ferske harespor.
Med majestetisk utsikt til Himmelsyna. Kontorpulten er ein
Polaris snøskuter frå 2006. Her he Trygve funne sitt eige
paradis. Det er her han vaks opp. Ei ny tid er i emning og
Trygve Jokelid ser ei framtid i hyttebyggjing og tomtesal på
eigedomen sin. Framsynt – og med tanke for komande generasjonar.
Forvalting av naturressursane. Heilt etter læreboka.

Jokelid he fenge
godkjend rundt 70 tomter på eigedomen sin ved Høgås. Tomtene er
på rundt reikna 1 dekar. I tillegg til ein eineståande natur fær
du med på kjøpet både veg, vatn, strøym og breidband til EDB
maskinen. Like utanfor stoveglaset finn du dei finaste
skiløypene i heile Sør Noreg. Maskinkøyrde løyper – og
sjølvsagt ljosløype.
Trygve er ikkje
som andre eigedomsmeklarar. Trygve er stødig og trygg som
sjølvaste Sparebanken. Ikkje unødig skryt og store ord. Jordnær
og traust. Etterspurnaden er stigande. Sist veke selde Trygve 3
tomter. Kor mange det vert denne veka er i skrivande stund ikkje
heilt avklåra.
Ein eigedomsmeklar i
særklasse. Ein umåteleg gild gut.
|