|
27. – 29. mars
«Vårhelg» - eit
tilbod til ungdom i alle aldre
(Foto: Oddmund
Strømstad)

F.v. Arild Åtland,
Jon Gunnar Kjetså, Tonje Berg, Bjørn Tore Aastveit og Øysteien
L. Lie.
Dette er ein del
av komiteen som skipar til Vårhelg, i slutten av månaden.
Ei helg full av
aktivitetar for ungdom i alle aldre. Eit samarbeidsprosjekt
mellom Normisjon, ungdomsforeningene på Hornnes og på Evje, KRIK
og det etter kvart så populære songkoret « Koriallverda.»
Det heile tek til
fredagskvelden klokka 19:00 med ulike KRIK-aktivitetar i
Otrahallen. Frå kl: 21:30 vert det samling i bedehuset på
Hornnes der det m.a. vert bidrag frå eit team frå bibelskulen i
Grimstad.
På laurdagskvelden
vert det gospelkonsert i Evje Kyrkje. Det vert framføring av 4
ulike gospelkor. Garantert ein livleg og stemningsfull kveld.
Sundag vert det
heile avslutta med noke dei kallar for « generasjonsmix » i
bedehuset på Hornnes. Ei hyggestund for folk i alle aldre. Alle
generasjonar.
Arild Åtland,
sentral mann i komiteen, seier dei sjølvsagt vonar på god
stemning, gode opplevinger og godt frammøte. Dersom nokon lurer
på eit eller anna i samband med denne travle helga kan dei ringe
Arild på tlf. 91785253.

«Koriallverda.»
|