Nyttige lenker
  ARKIV moisund.com
  NETTHANDEL
  Moi frå lufta
  Ruteopplysninger
  Skråblikk på kvardagen
  Risdal Touring
  Setesdal Scene
  Revygruppa MORUS
  Andre lenker




 

Frå bioingeniør i Nederland til ysteri på Frigstad


Ekteparet Miriam Hulsbeek og Rob Dekker har starte eit eige ysteri i Iveland

For to og eit halvt år sidan flytta Miriam Hulsbeek og Rob Dekker med familien frå Nederland til Iveland. Om ikkje reisa til Iveland er så lang må ein kunne seie at spranget til å starte eige ysteri i skålen til ordføraren er langt nok. Med god hjelp frå Reidar Pedersen og ordførar Ole Magne Omdal har firebarnsmora no fått på plass si eiga verksemd. Med mjølk direkte frå tanken til ordføraren produserar ho no ost i mange ulike variantar. "Bukkehornkløver, Grønn pepper, Spisskarve, Sterke krydder, Piri Piri og Løk-Hvitløk", ja dette er nokre av dei namna ein finn i det rikhaldige utvalet. Alle ostane er basert på oppskrift frå heimlandet og Miriam driv no med testing av dei ulike smakane mot dei norske smaksganer.

På bakgrunn av dette vart det i dag arrangert smaksprøve på Ivelandsstaua. For bygdefolk og tilreisande. Mange kom og alle me tala med var svært nøgd med smaken. Me smakte sjølvsagt og på produkta og er samde i at det ikkje er noko gale med dei Nederlandske oppskriftene. Dette var god ost!....
Etter at osten er produsert så vert den modna i ei nedlagt gruve. Frå 4 veke til eit heilt år tek modningsprosessen, alt avhengig av storleiken på osten. I dag er ysteriet eit deltidsføretak for ekteparet. Rob er i fullt arbeid i Kristiansand og Miriam har hendene fulle med små born, men dei voner at dei på sikt kan gjere dette til eit levebrød.
Med mjølk frå tanken til sjølvaste ordføraren, ja då må dette berre bli ein suksess.


To av borna, Elin og Lara, var opptekne med teikning medan mor og far delte ut smaksprøver.  

Søren Hodne, ein av toppane i Tine Meieriar og sjølv produsent av lokal mat med smøret "Søren så godt" var og tilstades i Ivelandstaua. Han likte det han fekk sjå og det han smakte.
Kva kan vel bli betre enn brød, smør og ost. Produsert lokalt på kvar si side av Åna. I saman utgjer dette eit perfekt måltid. Meir kortreist mat kan ein ikkje få, og for ein smak!!

Snarveg til FLICKR Snarveg til moisund.com - TV Snarveg til ARKIV
Moisund.com - Øve alt - til ei kvar tid!
Redaksjon: Øystein Moi og Odd Helge Liestøl