Restaurantkveld
Endeleg vert det arrangert Restaurantkveld på Evje bedehus att. Dette har vore eit vellukka arrangement som Evje kristeleg ungdomsforeining har stelt i stand 4 - 5 år på rad. Dette går av stabelen laurdag 4. april, kor dørene opnar kl. 19.00 og er opne så lenge det er folk. Du kan stikke innom kor tid det passar deg, men hovudsakleg stenger med ”restauranten” kl. 23.00. Me oppmodar folk i Evje Hornnes kommune til å ta turen til bedehuset. Det blir sosialt med levande musikk og ein andakt av Espen Ripegutu (ein solid kar frå Søgne) undervegs.
Me kan forsikre deg om at du vert godt teken i mot, ein hovmeister viser deg og dine til eit bord. Der ein flott ung kelner kjem og tek bestillinga di og etter ei kort stund vert maten servert.
I fjor var det litt svakt oppmøte, men det stoppa ikkje oss. Då køyrde me rundt med maten til dei som ikkje hadde anledning til å kome til bedehuset. Me har fått god tilbakemelding på dette i ettertid. Difor vil me prøve på dette i år også, men håpar jo folk flest tek turen innom bedehuset. På menyen vert det blant anna Hamburgertallerken, Kylling og pommes frittes, og Lasagne, pluss dessert og drikke. Alt dette for ikkje meir enn 70 kroner (om du bestiller frå heimen er det mogleg at prisen stig pga kjøretillegg og service.) Etter kl.21.00 opnar me telefonlina for bestilling heim til deg. Der kan du anten ringe Tor Syvert Jokelid på 959 44 560 eller Elin Klungeland på 971 45 356.
Overskotet vil me gje til Romania-prosjektet. Dette er eit prosjekt som nokre Evjedølar driv. Me i Evje kristeleg ungdomsforeining synes dette er eit veldig bra tiltak, og vil difor gje vårt bidrag.
Sidan dette vert den fyrste laurdagen i påskeferien håper me på at påsketuristar benytter seg av tilbodet. Alle er hjartelege velkomne, båe unge og gamle. Kjem du ein god gjeng send gjerne ei melding til Elin Klungeland så me har ein viss kontroll på kor mykje mat me treng.
Evje Kristeleg Ungdomsforeining